Livskrisa gav oss eit betre liv

Eg kjenner meg takknemleg for at eg kan gi ungane mine ei motvekt til samfunnet sitt tempo.

Då Lina Slettebakken var nydiagnostisert, var sorga over det ho hadde mista altoppslukande. No har ho endra perspektiv.
  • Lina Slettebakken
    Barnehagelærar, tobarnsmor og ME-sjuk. Arbeidsledig/på AAP
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Den dagen eg fekk diagnosen ME, var det som om livet mitt ramla saman. Eg måtte læra meg å leva på nytt. Ingenting var som før, og akkurat det er eg i dag på mange måtar takknemleg for.

La oss ikkje rosemåla det. Utmattinga pregar dagane mine, og denne kan berre lindrast ved kvile og ro. Kvile og ro er som kjent ikkje det ein får mest av som småbarnsforelder. Det seier seg sjølv at det er ein krevjande situasjon, men alt tatt i betraktning så er eg takknemleg. Takknemleg fordi me har blitt tvungne til å leva livet vårt i sakte tempo.

Då eg var nydiagnostisert, var sorga over det eg hadde mista altoppslukande. Eg gjekk frå å vera eit sjølvstendig individ til å bli totalavhengig av hjelp i kvardagen.

Heldigvis har mennesket ei enorm kraft til å omstilla seg, og etter iherdig innsats med å akseptera situasjonen, klarte eg etter kvart å snu fokuset frå det eg hadde mista, til alt eg hadde fått.

Eg ser med andre auge på mi rolle som mor, skriv innsendaren.

Eg såg at ungane mine opplevde tryggleik og ro ved at eg alltid var heime. Eg såg at me måtte senka tempoet for å kunne ha det bra saman, og at dette ikkje var negativt. Det går an å vera takknemleg for noko, og samstundes lengta til eit friskare liv.

Dei siste åra har vist meg at det er fullt mogeleg å vera ei intellektuell og engasjert kvinne som ønskjer å bidra i samfunnet, og samstundes ei mamma som ønskjer å bruka tid si saman med ungane sine i dei dyrebare småbarnsåra. Det eine utelukkar ikkje det andre.

Det har også fått meg til å tenka på om det er meininga at eg skal ta på meg det fulle ansvaret for å ha blitt sjuk? Eg meiner at tittelen flink pike, som eg ofte har fått i møte med helsevesenet, legg for mykje ansvar på individnivå.

Det kan òg tenkast at eg har ein ganske naturleg reaksjon på å forsøka å leva som kvinne og mor i eit skakkøyrt samfunn. Eg tenker på venninnene mine og andre medsøstre som framleis heng i stroppen, og endå ikkje har ramla ut av hamsterhjulet.

Når du får redusert kapasiteten din så drastisk som det eg har opplevd, blir du nøydd til å forvalta den vesle energien du har på rett vis. Det gjer og at perspektivet endrar seg. Eg ser med andre auge på mi rolle som mor, og eg vil påstå at småbarnsforeldre er ein av dei viktigaste, mest dyrebare ressursane me har i samfunnet.

Dessverre nyttar me ikkje denne ressursen på ein berekraftig måte, noko som kostar oss dyrt. Tenk om foreldre (både mor og far) enkelt kunne velja å prioritera meir tid i heimen dersom det var rett for dei, og at slike val vart hylla.

Me veit frå forsking at sterke, gode relasjonar er svært viktig for vår psykiske helse. Som barnehagelærar veit eg at det blir skapt mange gode og trygge relasjonar i barnehagen. Eg veit òg at mange sårbare barn er heilt avhengig av desse relasjonane for å kunneleva gode liv.

Like fullt trur eg me underkommuniserer viktigheita av relasjonen til våre aller næraste. Desse relasjonane treng tid og rom.

Kva gjer det med folkehelsa at mange familiar opplever å ikkje ha tid til å vera saman i det daglege, utan å gjera og prestera?

Me trur at me må organisera fritida vår ned til minste detalj, og me har levd så lenge i denne normalen at me gløymer å stilla spørsmål ved det.

Alt blir ein vane, og det vanlege og det anerkjente er å ha det travelt heile tida. Tidsklemma er reell, og me anar ikkje korleis me kan komma oss ut.

Eg kjenner meg altså takknemleg for at eg kan gi ungane mine ei motvekt til samfunnet sitt tempo. Dei lærer at me kan ha det fint saman sjølv om me ikkje gjer noko heile tida.

At det er fint å prioritera ro og kvile etter lange dagar i barnehage og på skule. Dei ser at eg må lytta til eigne behov for å ha det bra, og lærer difor sjølvomsorg i praksis.

Lina Slettebakken må ha mykje kvile.

Dei får erfaring med at livet ikkje alltid blir som me har tenkt oss, men at det langt ifrå er samsvarande med eit dårleg liv. Dei lærer at mennesket har eigenverdi, utan å prestera.

Eg har gått frå å tenka at ungane mine har mista noko, til å sjå at dei får med seg ein ballast som vil beskytta dei, og forhåpentlegvis gjera dei til meir forståingsfulle og tolerante menneske.

Dei dagane tvilen melder seg, så spør eg meg sjølv: Kva vil eg seie til meg sjølv den dagen eg har blitt gammal og skal gjera opp status på livet mitt?

Vil eg kjenna på at eg tok gode val for meg og mine? Klarte eg å forstå kva som eigentleg var viktig? Svaret på det er heldigvis ja.

Publisert: