Litt meir tid kan bety alt

Med stadig betre behandlingsmetodar kan pasientar som meg leve lenge med spreiing.

Medisin gav Gunn Lægreid Haldorsen (til v.) meir tid «til å leve, til å bli bestemor og til å gjere kvardagane så fine som mogeleg», skriv ho. Her med dotter Maria Haldorsen Lægreid og barnebarnet.
  • Gunn Lægreid Haldorsen
    Bømlo
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Orda frå legen var brutale: «Du må lære deg å leve med at du ikkje skal bli gammal». Å få ein kreftdiagnose er beintøft – men å få vite at du har kreft med spreiing, er mykje verre. Difor er Krafttak mot kreft dette året utruleg viktig.

Stadig betre behandlingsmetodar gjer at det i åra som kjem vil vera fleire kreftpasientar slik som meg, som skal leve lenge med spreiing. Difor er det viktig å få endå betre oversikt over kor mange dette gjeld og korleis dei kan få best mogeleg livskvalitet.

Eg var berre 50 år då me fekk den brutale meldinga: Du har ulækjeleg lungekreft med spreiing – og du vil truleg ikkje leve så lenge ...

Mange tilfelle av lungekreft blir oppdaga tilfeldig, og ofte etter at kreften har spreidd seg til andre organ i kroppen. Hos meg starta det òg med andre uforklarlege plagar. Eg har aldri røykt – difor var det ingen mistanke om lungekreft. Først då tørrhostinga blei så ille at kollegaene mine undra seg på Teams-møta, fekk fastlegen min ordna med time for ein test.

Les også

Han fikk uhelbredelig kreft mens han deltok i kreftstudie. Først for to uker siden fikk han vite at han var feilbehandlet.

Rett før jula 2020 fekk me vite at eg har ulækjeleg kreft som dei ikkje kan operere. Dei hadde samstundes ein god nyheit – eg var ALK-positiv (har ei genendring i eit gen som heiter ALK i kreftcellene), som gjer at eg kan få målretta behandling med medisinen Alecensa. Og etter berre tre dagar merka eg god betring. Hosten minka, og energien byrja å kome attende. Eg fekk meir tid. Til å leve, til å bli bestemor og til å gjere kvardagane så fine som mogeleg.

Kvardagen som eg før tok for gitt, var no det mest verdfulle eg hadde. Det blei så klart for meg kva som var viktig i livet: Eg vil ha mest mogeleg tid saman med dei eg er glad i.

Livet kan vera vondt og godt på same tid, og det kan vera vanskeleg for menneska rundt kreftsjuke å forstå brutaliteten i denne sjukdommen, kor ekstremt uføreseieleg den er.

Tre av fire overlever kreft i dag. Dobbelt så mange som for femti år sidan. Dei fleste kreftformer har hatt ei positiv utvikling med tanke på å overleve, men dette gjeld hovudsakleg pasientar med sjukdom utan spreiing.

Pasientar med spreiing til andre delar av kroppen har dårlegare prognose og avgrensa behandlingstilbod i dag. Det er dette Krafttak mot kreft 2022 vil gjera noko med – der russ frå heile Vestland fylke skal samle inn pengar til kreftsaka. Heldigvis har kreftforsking store gjennombrot i vente som vil kunne redde mange som i dag ikkje har noko håp. Det syns eg er fantastisk!

Alt dette er betyr mykje for oss som er kreftramma: Forsking kan gi litt meir tid og betre livskvaliteten den tida me har.

Målretta behandling, slik som Alecensa, er eit godt døme på ein nyare behandlingsform som har auka overlevinga enormt på få år for nokre kreftdiagnosar som tidlegare hadde dårlege prognosar. Andre typar lungekreft har svært god effekt av immunterapi.

Les også

Livet når du veit du skal døy

Eg håpar å få leve så lenge at eg òg kan få teste framtidige behandlingsmetodar.

Kvar tredje månad kjem ein ny dom på sjukehuset. I tida før kontroll set spenninga seg i kroppen, gjer det vanskeleg å puste. Angsten er den dagen dei ikkje har meir dei kan tilby meg. Det er viktig at menneska rundt meg forstår denne utfordringa og frykta som ligg i dette.

Litt meir tid. Og endå litt til. Det er alt eg treng. Fleire kvardagar, sommarferiar, jul og bursdagar. Forsking er vårt einaste håp.

Eg håpar at du som les dette, forstår litt meir om korleis det er å leve med avgrensa levetid. Og eg håpar du vil støtte Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft når det kjem besøk av bøssebærarar på døra di, eller i sosiale medium i dagane som kjem.

Kanskje kjenner du nokon som er ramma av kreft? Og kanskje vil du opprette di eiga Krafttak-innsamling? Pengane som russen og andre samlar inn både lokalt og digitalt frå 5. til 13. mars, går til forsking på kreft med spreiing og gir håp til alle som er i same situasjon som eg er i.

Litt meir tid kan bety alt.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Rolf planla sin egen begravelse. To år senere lever han nesten uten plager.

  2. Begge foreldrene døde av kreft. Andrea og søsteren vil bidra til at andre overlever.

  3. Silikon-problemer, sa legene da hun fant en kul. Nå forbereder Waneska seg på å dø.

  4. – Venninnen min har skjønt hva som er viktig i livet

  1. Kreft
  2. Krafttak mot kreft
  3. Livet
  4. Medisin
  5. Immunterapi
BT anbefaler

Snart forsvinner BankID på mobil – dette må du gjøre

– Vi oppfordrer alle som har smarttelefon til å laste ned den nye appen allerede nå, sier kommunikasjonssjef for BankAxept.

LES SAKEN