Roald Kvamme (Ap) stilte i BT tre spørsmål til meg førre veke, og her kjem svar.

Regjeringa sin satsing på byvekstavtalar er god, og dei økonomiske rammene er auka. Kommunane har ulike strategiar for å nå klimamåla.

Spørsmål 1: Vil Fjell kommune få andre krav til sine arealplanar enn det som kjem fram i gjeldande statlege planretningsliner dersom dei vel å ikkje ta del i ein ny Byvekstavtale?

Det er nye føringar for areal i ordninga med byvektsavtalar. Om Fjell vil velje å inngå byvekstavtale, vil målet om nullvekst for personbilar gjelde for heile avtaleområdet, som følgje av kommunegrensene. Dersom Fjell ikkje inngår byvekstavtale med Staten, vil likevel mellom anna forskrift for bustad-, areal- og transportplanlegging og planretningslinjer for klima og energi framleis gjelde.

Klimaforliket som Stortinget har inngått, skal nåast, byvekstavtale eller ikkje. Ein treng altså ikkje noko byvekstavtale for å få krava, eller for å nå måla. Med Høgre i regjering så står kommunane friare til sjølv å vurdere korleis dei skal nå klimamåla.

Spørsmål 2: Korleis meiner Trellevik at Fjell skal finansiera tiltak for å oppfylla dei krav stortingsfleirtalet har sett til areal- og transporttiltak dersom dei vel å ikkje ta del i det spleiselaget som regjeringa invitera til gjennom ein ny «Byvekstavtale»?

Stortinget har allereie vedtatt nullvekstmål for det nye Sotrasambandet. Det er også buss avgangar kvart tiande minutt frå og til Bergen i rushtida som følgje av påskjøningsordninga. Fjell har vore «forut for si tid» i areal- og transportplanlegginga. Eg ser ikkje kva ei ny byvekstavtale mellom Fjell og Staten kan tilføre av nye tiltak på RV555 for å nå dei nullvekstkrav som allereie gjeld.

Så lenge kommunane Sund og Øygarden ikkje er ein del av den nye byvekstavtala, så er det lite som kan gjerast på vegen nord – sør i regionen. Her er det potensial for ei rekkje nye tiltak som kan inngå i ei byvekstavtale, men dei blir ikkje ein del av avtaleområdet før neste rullering av NTP.

Spørsmål 3: Vil Trellevik og Høgre ta initiativ til å endra dei nasjonale målsetjingane i Klimaforliket og gjeldande regelverk for kommunane dersom dei meiner at dette hindra kommunane i å utvikla seg?

Eg meiner det er viktigare lokalt med null eller lav utslepp, enn nullvekstmål i talet på bilar. Vi har ikkje dei utfordringane nord – sør i regionen vår, som Bergen sentrum og innfartsårene har når det gjeld mengde bilar.

Nullvekstmålet burde etter mi meining blitt sett i samanheng med utslepp. Bilparken er i endring. Her bør kanskje politikken også endrast.