Knebling av lærarar sin kreativitet

DEBATT: Små skular har ikkje pc-administrator tilgjengeleg kvar dag, så då er det berre å vente.

INGEN PRØVEVERSJONAR: For å kunne prøve ut nye pedagogiske program, må vi ha tilgang til å laste ned prøveversjonar. Det har vi ikkje lenger, skriv innsendaren.

  • Gro Liland
    Lektor i engelsk, Kvam vidaregåande skule
Publisert:

Alle lærarar som arbeider i Hordaland fylkeskommune, er no fråteken retten til å vera administrator på eigen pc. Det betyr at nokon i fylkeskommunen bestemmer kva program vi lærarar får bruke i undervisninga.

Ikkje nok med det; skal eit program oppgraderast, får ikkje læraren gjere det sjølv. Nei, det må administrator på skulen gjere. Små skular har ikkje administrator tilgjengeleg kvar dag, så då er det berre å vente.

All kreativitet og nytenking innan pc-bruk skal no skje sentralt på fylket. Dette minner veldig om autoritære regime si haldning, og personleg kan eg ikkje skjøna at dette kan vere bra for nokon. For å kunne prøve ut nye pedagogiske program, må vi ha tilgang til å laste ned prøveversjonar. Det har vi ikkje lenger.

Eg kan skjøne at fylkeskommunen er redd for cyber-angrep, men gode brannmurar og opplæring i datatryggleik skulle halde. Vi er trass alt lærarar som skal lære elevane våre å «vurdere ulike digitale ressursar og andre hjelpemiddel kritisk og sjølvstendig», som det står i læreplanen for engelsk frå Utdanningsdirektoratet.