Avføring frå fisk kan gi store inntekter

DEBATT: Vi kan tene mykje på å investere i lukka oppdrettsanlegg.

Publisert: Publisert:

VERDIFULL: Noreg har ein unik sjanse til å samle opp fosforen som finst i avføringa til fisk, men da må vi ha fisken i lukka oppdrettsanlegg, skriv Pauline Tomren i dette debattinnlegget. Foto: Rune Sævig

Debattinnlegg

Pauline Tomren
Fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland og 3. kandidat til fylkestinget for MDG

Regjeringa har sett av milliardar av kroner som kommunar og fylke kan bruke som dei sjølv vil for å gi støtte til oppdrettsnæringa. Det er bra at vi satsar på ei av Noreg sine viktigaste næringar, og vi kan sikre at det blir gjort på ein miljøvennleg måte. Dersom vi har oppdrettsfisken i lukka anlegg, vil vi hindre miljøskadelege utslepp frå avføring og lakselusmiddel.

Men det er òg mogeleg å tene pengar på å samle opp avføringa til fisken og selje det som gjødsel. Det føresett av vi brukar midlane vi investerer i oppdrettsnæringa på ein god måte.

Pauline Tomren Foto: Privat

I avføringa til fisk finst det eit grunnstoff som heiter fosfor. Fosfor er i all dyrkbar jord, og i all maten vi et. Alle levande vesen på jorda avheng av fosfor for å kunne overleve. Derfor er det vanleg å bruke fosfor som gjødsel. Fosforen vi bruker i dag blir for det meste henta opp frå gruver og brukt til gjødsel i jordbruket. Når det er brukt der, får noko av det nytt liv gjennom planter som blir ete av dyr og menneske.

Men det meste blir skylt ut i fjorden og i hava våre. I område kor det er slept ut mykje fosfor, anten som gjødsel frå jordbruket, eller som avføring frå fisk, er det store daudsoner i havet kor det ikkje finst liv.

Det er viktig for å sikre eit levande hav at vi minskar utsleppet av fosfor. I Noreg er det i oppdrettsnæringa at vi slepp ut mest fosfor; gjennom avføringa til fisken. Det er her vi må minske utsleppa mest. Heldigvis er det også her vi kan tene mest på det.

Les også

De store oppdretterne blir enda større

Det meste av fosforen som blir brukt som gjødsel, kjem frå gruver og er ikkje-fornybar. Sidan det meste forsvinn frå jordbruket og oppdrettsnæringa ut i havet, har vi ingen måte å samle opp og gjenvinne fosforen på.

Her har Noreg ei unik sjanse til å samle opp fosforen som finst i avføringa til fisk i oppdrettsnæringa, men da må vi ha fisken i lukka oppdrettsanlegg sånn at vi kan samle det opp og selje det vidare til bruk som gjødsel.

Etterspurnaden etter fosfor kjem til å auke, saman med behovet for ein auka matproduksjon. Vi kan vere med på å mette det tomrommet som kjem til å oppstå i marknaden, med norsk fosfor.

Viktigare enn potensial som inntektskjelde, er det at lukka oppdrettsanlegg er bra for miljøet. I dag er det mange miljøgifter som blir slept ut i havet frå oppdrettsnæringa, saman med avføringa. Ei av dei største kjeldene til forureining er middel som vert brukt mot lakselus, som vert slept rett ut i hava.

Det er ein av grunnane til at Miljøpartiet dei Grøne i mange år har kjempa for at vi skal satse på teknologi som legg betre til rette for lukka oppdrettsanlegg. På landsmøtet vårt, for nokre veker sidan, fekk vi i Grøn Ungdom Vestland gjennomslag for ønsket vårt om å satse på investering og forsking på korleis vi best kan bruke fosfor. No håper vi at fleire parti vil få opp auga for behovet for lukka oppdrettsanlegg.

Les også

Venter fremdeles på lukkede anlegg i Sørfjorden

Måndag gjekk forfattar Per Anders Todal ut med kritikk av dagens oppdrettsnæring: Oppdrettsnæringa har eit enormt overskot, men bruker svært lite av det til å satse på lukka oppdrettsanlegg. Økosystema i fjordane våre er under eit stort press med utslepp frå mange ulike sektorar.

Å redusere dette presset inneber at vi må satse på blant anna miljøvennleg oppdrett. Da må vi ta tak på lokalt nivå for å sikre ei berekraftig oppdrett i alle vestlandskommunar.

Det bør leggjast føringar på fylkesnivå i både Sogn og Fjordane og Hordaland for å sikre at dei midlane som er delt ut av regjeringa blir investert på ein god måte. For vi har inga tid, eller fleire arter å miste.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg