Regjeringa er for lite bekymra

Kjem det i vår tid ein ny storkrig, vil tiltaka mot klimaskadar bli katastrofalt seinka.

FREDSTRIBUNAL: Noreg må ta nye, sterke initiativ. Ein tanke kunne vera at ein i FN-regi opprettar eit fredstribunal som med utgangspunkt i klimautfordringane får i oppgåve å skapa nytt grunnlag for avspenning, nedrusting og fred, skriv Vidar Lehman. På bilete klima- og miljøminister Ola Elvestuen og statsminister Erna Solberg. Foto: NTB scanpix

  • Vidar Lehmann
    Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjort i ulike fredsoperasjonar i FN-regi.
Publisert:

Tidlegare i haust offentliggjorde FN ein spesialrapport om globale klimaendringar, utarbeidd av «Intergovernmental Panel on Climate Change» (IPCC). Under den nylege oppfølgingskonferansen i Katowice kom det fram store spenningar, så vel mellom statar som større grupperingar.

Kor sterkt det vil påverka det praktiske resultatet, står att å sjå. I mellomtida markerar alvoret seg ved at organisasjonen Global Carbon Project (GCP) melder at utsleppa siste året har auka med 2,7 prosent, ifølge ein artikkel i Washington Post 5. desember. For kvart år minkar sjansen for å nå 2030-målet om å stabilisera den globale temperaturauken på to, helst 1,5 grader over førindustrielt nivå.

Korleis står det til her på berget? I 2012 vedtok Stortinget at det skulle sleppast ut 48,6 millionar tonn ved år 2020. Siste året var utsleppet 52,4 millionar tonn, og på dei siste fem åra er det berre kutta éin million tonn. Skal vi nå delmålet for 2020, har vi no to år att for å kutta rundt fire millionar tonn. Då må reduksjonen på desse vel 700 dagane mangedoblast.

Utsiktene til å greia det er små. Vi har rett og slett lite å skryta av, og endå mindre av at vår velstand er basert på storproduksjon av eit av dei viktige medverkande elementa til klimakrisa.

Les også

Klima nederst på agendaen

Først som sist må vi no innsjå at klimaflyktningar alt finst og at klimakrisa dei komande åra vil auka. Det kan utløysa sterkare kniving om knappe ressursar, auka migrasjon, valdeleg uro og kanskje nye folkemord. Orda miljøkrig og klimakrig er for lengst lansert.

Meiningsinnhaldet skiftar mellom krig om livsrom og kamp for å verna attverande natur. Skal verdssamfunnet unngå full krise, må vi akseptera at det trengst ei massiv mobilisering av menneskelege og økonomiske ressursar, at det hastar, og at det kostar. Det trengst òg ei arbeidsro som berre avspenning og fred kan gje.

I dette perspektivet ser ein kor absurd det er at atom-maktene og deira undergjevne no er inne i ein gjensidig stimulert spiral av fienderetorikk, bruk av astronomiske summar til vidareutvikling av massedrapsvåpen og konsum av menneskelege ressursar som burde ha kome til nytte på betre måtar enn å perfeksjonera drapsmaskiner.

Kjem det i vår tid ein ny storkrig, vil tiltaka mot klimaskadar dessutan bli katastrofalt seinka. I tillegg kjem miljøskadane som krigen sjølv vert årsak til. Difor kan ein ny storkrig bli årsak til «the final countdown». I dette perspektivet vil ein ny storkrig anta karakter av eit brotsverk mot mennneskeheita.

Utfordringa er både regional og internasjonal. Difor er det ikkje nok å samarbeida med EU. Det trengst òg ei sterk oppgradering av FN, verda sitt øvste organ for utvikling og fred. At dette ikkje er prioriteten til mektige aktørar, mellom dei vertslandet til FN sitt hovudkvarter, må ikkje hindra at Noreg tek nye, sterke initiativ.

Ein tanke kunne vera at ein i FN-regi opprettar eit fredstribunal som med utgangspunkt i klimautfordringane får i oppgåve å skapa nytt grunnlag for avspenning, nedrusting og fred.