Palmeolje er ute av julebaksten, men ...

DEBATT: Vi baker heldigvis ikkje meir med palmeolje, men diverre badar framleis regjeringas klimapolitikk i palmeolje.

FORBRUKARMAKT: Dei aller fleste butikkpeparkaker og ferdigdeigane var for få år sidan full av palmeolje. Eit voldsomt folkeleg engasjement sørga for at palmeoljen måtte vike i julebaksten, skriv innsendaren. Vegar Valde (arkiv)

Marthe Hammer
Fylkestingsmedlem og nestleiar utval for miljø og samferdsle (SV)

Eg har bakt til jul. Peparkaker, frå butikkdeig. I 2012 kunne NRK melde at peparkakene flyt i palmeolje, for i 2012 var dei aller fleste butikkpepperkaker og ferdigdeigane full av palmeolje.

Eit voldsomt folkeleg engasjement som brukte sin forbrukarmakt, sørga for at palmeoljen måtte vike i julebaksten. Det er bra miljøpolitikk. Etablering av oljepalmeplantasjer er i dag den største trugselen mot regnskogen i Søraust-Asia, spesielt i Indonesia og Malaysia.

8. oktober la FNs klimapanel fram sin nyaste rapport. Den slår fast at verdas klimagassutslepp må reduserast med 50 prosent innan 2030 dersom vi skal nå Parisavtalens mål om ei global oppvarming på under 1,5 grader. Tida er i ferd med å renne ut for å nå Noregs klimamål for 2020, for i 2017 låg utsleppa av klimagass nesten fire millionar tonn over klimamålet.

Les også

BTs Hans K. Mjelva: «Klimakrisa blir uløyseleg viss ho endar i klassekamp»

Regjeringa liker å skryte av klimakutt. Ja, ein kan lese på regjeringa sine nettsider at utsleppa frå klimagassutslepp i Noreg har gått ned med 1,6 prosent frå 2016–2017.

Regjeringa skriv at den viktigaste årsaka til reduksjonen er mindre bruk av fossile brensler til vegtrafikk. Problemet er berre at dei reduserte utsleppa til regjeringa er dynka i palmeolje og regnskogøydeleggingar. For når fossilt drivstoff vert erstatta av biodrivstoff utan klare krav til at det skal vere utan palmeolje, så er det ikkje klimakutt ein oppnår, berre kutt i regnskogen.

Det manglar ikkje på vitskapleg grunnlag som viser at palmeolje gir høgare utslepp enn anna biodrivstoff. Regjeringa treng ikkje gå langt heller. Miljødirektoratet har bekrefta at palmeolje gir høgare utslepp enn fossil diesel, stikk i strid med kva regjeringa skriv på sine eigne nettsider.

Hordaland fylkeskommune sine miljøkrav i ferjeanboda kuttar Hordaland fylke sine eigne klimagassutslepp med 50 prosent. Hordaland kuttar faktisk utsleppa, og det utan å samtidig bade i palmeolje.

Les også

Klimaenighet etter maratonforhandlinger i Polen

For Hordaland var også det første fylket som sa tydeleg nei til bruk av palmeolje eller palmeoljeprodukt ved bruk av biodrivstoff.

Fleirtalet på Stortinget har gjort ei rekkje vedtak for å kaste palmeoljen ut av den norske drivstoffmarknaden, mellom anna følgt opp Hordaland sitt vedtak som krev palmeoljefrie innkjøp i det offentlege. Problemet er berre at regjeringa ikkje gjer noko, og ikkje vil gjerne noko. I over eitt år har ein venta på handling, og mens tida går, aukar bruken av palmeolje i trafikken.

Vi baker heldigvis ikkje meir med palmeolje, men diverre badar framleis regjeringas klimapolitikk i palmeolje.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg