Eit langt lerret å bleika

DEBATT: No er tida inne for å rette opp uretten samane vart utsette for.

FORVENTNINGAR: Blant samar er det store forventningar til den norske regjeringa sin lovnad om å oppretta ein sanningskommisjon som skal undersøkja langtidsverknadene av fornorskingspolitikken mot samane, skriv innsendar. NTB scanpix

Elin Skaar
Seniorforskar, CMI

I dag, 6. februar, er Samefolkets dag i Norge. Blant samar er det store forventningar til den nyoppretta sanningskommisjonen som skal undersøkja langtidsverknadene av fornorskingspolitikken mot samane. Kommisjonen er oppnemnt av regjeringa, skal leiast av tidlegare KrF-leiar Dagfinn Høybråten og har totalt 12 kommisjonsmedlemmar.

Det er eit langt lerret den nyoppretta Sannings- og forsoningskommisjonen skal bleika. Fornorskingspolitikken til den norske stat gjekk føre seg blant samane og kvenar i den nordlege delen av Noreg frå tidleg 1700-tal fram til moderne tid gjennom kyrkja, skule og andre verkemiddel. Aktiv assimileringspolitikk blei vedtatt frå 1851 og gjennomført på ulike område fram til 1980-åra.

I ein tale til Sametinget i 1997 beklaga Kong Harald V «den urett som den norske stat har påført det samiske folk gjennom en hard fornorskningspolitikk». No, over 20 år seinare, er tida endeleg moden for å sjå nærare på kva konsekvensar fornorskingspolitikken har hatt.

KULTURBERARAR: Karen og Mathis Somby var reindriftsamar i indre Finnmark, og dei har ikkje opplevd like sterk fornorsking som samane ved kysten. Om sommaren flytta dei reinen dit, slik dei bidrog til at kystsamane klarte å helde på språket sitt. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

Men norske politikarar – inkludert samiske – har vore splitta i synet på viktigheita av denne sanningskommisjonen, og den vart vedteken av eit delt Stortinget i 2017 med 53 mot 47 stemmer. Vedtaket var støtta av alle politiske parti bortsett frå partia i den då sitjande konservative koalisjonsregjeringa: Høgre og Framstegspartiet. Oppsiktsvekkjande nok stemte under halvparten av stortingsrepresentantane frå dei to nordlegaste fylka våre, Finnmark og Troms, for oppretting av kommisjonen. Like oppsiktsvekkjande var det at regjeringa ved statssekretær Anne Karin Olli – regjeringa sin fremste talsperson i samepolitiske saker – gjekk ut i forkant av vedtaket og sa at det ikkje var behov for ein slik kommisjon.

Fyrst 21. september 2018 kunne NRK Sápmi melde at Stortinget og Universitetet i Tromsø hadde lyst ut tre stillingar i sekretariatet for Sannings- og forsoningskommisjonen. Men ingen av dei tre stillingane var lyste ut med krav om kunnskapar i samisk eller kvensk. Med avgrensa politisk støtte, og med eit sekretariat som kanskje vil trenga simultantolkar for å utføra jobben sin, er det legitimt å stilla spørsmålet: Kva kan ein forventa av ein slik kommisjon?

Les også

Her varslar Eli Kari Gjengedal vêret på samisk

Kan hende kan den lange og veksande rekka av sanningskommisjonar oppretta rundt omkring i verda gje nokre svar. Det første verkelege forsøket for gransking av politisk motiverte overgrep utført av staten vart gjort i Argentina på midten av 1980-talet etter slutten på militærdiktaturet, som tok livet av langt over 10.000 menneske. Det latinamerikanske kontinentet vert rekna som ein føregangsregion på området, med sanningskommisjonar i fleire land.

Historisk sett har sanningskommisjonar vorte nedsette som eit oppgjer etter borgarkrigar eller militærdiktatur. Dei har i hovudsak undersøkt grove menneskerettsbrot som er utførte av statlege eller andre aktørar innanfor ein gitt tidsperiode.

Men ein ny trend er på veg. I dei seinare år er det oppretta ein del kommisjonar i velfungerande demokratiske land, som skal avklara historiske urettar gjort mot urfolk eller andre minoritetsgrupper.

I Canada vart ein sannings- og forsoningskommisjon oppretta i 2008. Den var organisert av partane i the Indian Residential Schools Settlement Agreement. Formålet var å dokumentera effektane av den kanadiske staten sin assimileringspolitikk overfor urbefolkninga, utøvd blant anna gjennom skulesystemet. Dei som hadde gått på desse skulane, fekk høve til å dela erfaringane sine gjennom både offentlege og lukka møte i heile landet. Meir enn 6500 personar vitna over ein periode på seks år medan arbeidet til kommisjonen gjekk føre seg. Arbeidet vart avslutta med ein fleirbindsrapport, som slo fast at skulepolitikken kunne reknast for «kulturelt folkemord».

Parallellane til den norske staten si behandling av samane er mange, og den kanadiske kommisjonen er ein modell den norske kommisjonen kan bygga på.

Les også

Lærer barna samisk med Skype

Den norske sanningskommisjonen vart oppretta berre veker etter at Finland bestemte seg for å oppretta ein tilsvarande kommisjon. Med andre ord bør det norske initiativet sjåast i ein større global samanheng. Fokus på urfolk sine rettigheiter har vorte ei internasjonalt sak, og Noreg byggjer naturleg nok på andre land sine erfaringar når handsaminga av ei viktig minoritets- og urfolksgruppe no skal verte undersøkt.

Sanningskommisjonar skal komma med anbefalingar til den sitjande og framtidige regjeringar om tiltak, som både kan oppretta skaden som har skjedd i fortid og hindra at liknande urett skjer i framtida. Her er erfaringa mangfaldig. Til dømes kom den argentinske sanningskommisjonen med ni konkrete anbefalingar, medan sanningskommisjonen i Peru avsette over hundre sider til detaljerte anbefalingar – alt frå oppreising i form av kontantutbetalingar til valdsoffer til garantiar for psykisk helsevern til reform av rettssystemet.

Når den norske sanningskommisjonen legg fram sluttrapporten sin for Stortingets presidentskap 1. september 2022, vil det vera høge forventingar til anbefalingane som skal retta opp den uretten samane og kvenane vart utsette for. Vil dei bidra til forsoning?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg