Derfor oppmodar vi til klimaopprør

Vi nektar å sitje passive og sjå på at politikarane ikkje tar ansvaret sitt.

Publisert:

ULYDNAD: Vi har verken råd eller tid til å følgje reglane. Derfor oppmodar vi i Extinction Rebellion til sivil ulydnad, skriv dei tre innleggssendarane. På biletet demonstrerer Extinction Rebellion mot cruiseturisme i sommar. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Debattinnlegg

Cecilie Wathne, seniorrådgjevar Chr. Michelsens Institutt, Hilde K. Kvalvaag, forfattar og rådgjevar UiB og Brynhild Tungesvik, seniorrådgjevar ved NAV Arbeidslivssenter Vestland

Denne veka startar Extinction Rebellion (XR) eit internasjonalt opprør mot styresmaktene sin passivitet mot klima og økologisk krise. I meir enn 60 byar rundt om i verda vil klimaaktivistar blokkere trafikk og forstyrre «business as usual». Medlemmer frå Extinction Rebellion Bergen demonstrerer no i Berlin.

Vi som skriv denne kronikken er lovlydige borgarar og fulltidsarbeidande mødrer som støttar dette opprøret. Vi har aldri tidlegare vore aktivistar, men i vår melde vi oss inn i Extinction Rebellion Norge. I førre veke heldt vi vårt første Opprørsforedrag på Litteraturhuset i Bergen.

Kvifor står vi på ein talarstol og oppmodar til sivil ulydnad og deltar i aksjonar som er på kanten av det som er lovleg?

Fordi vi nektar å sitje passive og sjå på at politikarane ikkje tar ansvaret sitt, når menneske og natur er i krig med kvarandre. Vi gjer opprør fordi alternativet, «business as usual» er livsfarleg.

Klimakatastrofen er allereie eit faktum; Amazonas brenn, og det brenn i Arktis. Skogen i Finnmark døyr, og rasa på Vestlandet tar liv. Isen ved polane smeltar, havet stig. Døde sonar i verdshava er no på størrelse med Europa. Ein av fire artar er utryddingstruga. Insekta døyr. Havet er fullt av plast. Det økologiske systemet er i ferd med å kollapse.

Vi aksjonerer mot styresmaktene fordi vi er i ferd med å øydelegge planeten vår, og fordi framtida til barna våre forsvinn mellom fingrane til handlingslamma politikarar. Vi er ikkje bøller, vi er varslarar.

Frå venstre: Cecilie Wathne, Hilde K. Kvalvaag og Brynhild Tungesvik Foto: CMI/Privat

Politikarane sit med makta, men som borgarar har vi rett til å gjere opprør. Vi handlar i nødrett. For å sitere World Wildlife Fund; Vi er den siste generasjonen som har mogelegheit til å påverke utkoma av klimakrisen. Vi har verken råd eller tid til å følgje reglane.

Derfor oppmodar vi i Extinction Rebellion til sivil ulydnad for å få merksemd rundt tre enkle krav.

  • Vi krev at styresmaktene og media skal snakke sant om klimakrisa.
  • Vi krev netto null utslepp innan 2025 og stans i utrydding av artar og nedbygging av natur.
  • Vi krev eit borgarråd som skal gje råd styresmaktene i klimaspørsmål så dei ikkje må drive kortsiktig veljarfiske og få ikkje få gjort det som skal til for å gjere Noreg klimanøytralt.

Dårlege nyhende står dessverre i kø. Dei globale gjennomsnittstemperaturane for juni og juli 2019 er dei høgaste som nokon gong er registrert.

Med «business as usual» kan gjennomsnittstemperaturen på jorda stige opp mot fire eller fem grader innan slutten av dette hundreåret. Deler av jorda vil bli uleveleg for menneske allereie i dette hundreåret.

Vi har åtte og eit halvt år til karbonbudsjettet er brukt opp om vi skal klare 1,5-gradersmålet. For å klare dette treng vi drastisk handling umiddelbart. Sir Richard Attenborough er ein av fleire autoritetar på området som meiner vi må handle som om vi er i ein krigssituasjon.

Vi må snakke mindre om individuell skam og løfte blikket og snakke meir om dei skammelege systema som ikkje er berekraftige.

Les også

Det viktigaste vi kan lære barna, er håp

Vi er utolmodige og ønskjer handling, men vi trur ikkje på aggressiv motstand. Historia viser at ikkje-valdeleg motstand er det beste våpenet for å skape endring. Med dette våpenet fekk Mahatma Gandhi slutt på kolonistyret i India og Martin Luther King fekk gjennomslag for dei svarte sine rettar i USA. Greta Thunberg er ein reformator i vår tid, og ved å nekte å følgje reglane har ho vekka ei heil verd. Over fire millionar menneske var ute i gatene i klimastreik den 20. september.

XR har hatt fleire aksjonar siste året. Nyleg fekk fleire aksjonistar prøvd si sak i Tingretten i Oslo. Protestane var fredelege og retta mellom anna mot Noregs Bank sine investeringar i brunkol gjennom Oljefondet. Styresmaktene reagerte med arrestasjonar og høge bøter.

Saka gjekk til retten då aksjonistane ikkje ville godta bøtene dei hadde fått for å protestere mot det dei såg på som ei varslingssak mot regjeringa, og deira svikt i å beskytte oss mot farleg global oppvarming.

Retten frifann fleire av aksjonistane og halverte bøtene til dei andre. Vi siterer: «Retten vil peike på at det ser ut til at menneskeskapte klimaforandringar vil kunne lede til alvorlege konsekvensar for jordas framtid om utviklinga ikkje snus».

Dette er ein siger for vår borgarrett, og ein siger for varslaren sitt rettsvern mot straffereaksjonar frå ein maktoverlegen motstandar.

Medlemmer av XR er fredelege folk som er engasjert i klimasaka og opptatt av det økologiske mangfaldet på jorda vår. Vi er menneske frå alle samfunnslag og i alle aldrar. Alle er velkomne. Mange la seg ned saman med oss og «døydde» rundt eit rosa piano under skulestreik for klima 30. august. Under aksjonen var det mange som gret. Det er mykje å gråte over, men vi kan framleis bremse ei katastrofal utvikling.

Kanskje blir barna skremt av retorikken til Greta Thunberg, men dei burde vere mykje meir skremt over politikarar som gir blaffen i framtida deira, som set økonomisk profitt over tryggleik, som ofrar natur til utanlandsk kapital, medan dei lèt som dei gjer mykje for det grøne skiftet.

Set dei ikkje nødbremsen på, ser framtida mørk ut for våre barn. Derfor oppfordrar vi til opprør no!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg