Vi kan ikkje sitje stille og høyre på skrytet lenger

Eldre fortener verdigheit i si siste tid.

ÅLEINE: Menneske som krev lite er mykje åleine på rommet. Urolege bebuarar styrer i fellesområda. Vi har for få hender, og vert ikkje høyrt, skriv Helene Thuen og Irene Vågen. Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB Scanpix

Debattinnlegg

Irene Vågen, sjukepleiar og Helene Thuen, helsefagarbeidar

I Os kommune har vi ein flott ny sjukeheim, som stadig blir trekt fram som eit glansbilete av tidlegare ordførar Terje Søviknes. I valkampen brukte rikspolitikarar frå hans parti arbeidsplassen vår, Luranetunet, som eit prakteksempel på god eldreomsorg.

Visst har vi landet sin første Tropehage, flott og fin. Men på innsida sit eldre og ser på at middagen blir kald, fordi vi ikkje har tid til å hjelpe alle med å få den i seg. Menneske som krev lite er mykje åleine på rommet. Urolege bebuarar styrer i fellesområda. Vi har for få hender, og vert ikkje høyrt.

Vi undra oss over det som kom fram i pressa om den velfungerande eldreomsorga i Os. Kvifor var det ingen som stilte spørsmål? Kva med litt kritisk, gravande journalistikk?

Det burde jo til dømes vorte undersøkt om Statleg finansiering av omsorgstenester (SIO) faktisk fungerte så godt som sitjande ordførar hevda. Han kunne vise til positive tal, men kva har slike tal å seie når kvaliteten bak utstillingsvindauget var som den var. Kvifor stilte aldri lokalpressa spørsmål?

UVERDIG: Turar ut i frisk luft og dagslys blir ikkje kvardagskost. Den engstelege i senga har inga hand å halde i. Får ikkje endre leie, eller fukte munnen. Er dette verdigheit? spør Helene Thuen og Irene Vågen Privat

Der starta vår kamp. Vi kunne ikkje sitje stille og høyre på dette lengre. Vi måtte ta ansvar sjølv. Klassekampen ville dele historia om korleis det var på innsida. Vårt felt.

Vi kjenner kanskje ikkje så godt til tala og kva som går føre seg på leiarnivå. Men vi kjenner til det som skjer på innsida og kan fortelje mykje om det.

Vi hastar gjennom morgonstellet, vi stressar ved måltida, og vi spring forbi den engstelege og fortvila gamle på gangen. I mange timar blir menneske sitjande i ein stol. Ingenting skjer, kroppen stivnar til og smerter aukar på. Vi er opptatt med å «sløkke brannar» på andre kantar.

Turar ut i frisk luft og dagslys blir ikkje kvardagskost. Den engstelege i senga har inga hand å halde i. Får ikkje endre leie, eller fukte munnen. Er dette greitt? Er dette verdigheit?

Når vi seier ifrå, blir vi møtt med at andre har det verre. Vi har berre ressursar til det grunnleggande. Mat, medisinar og stell. Er ikkje tryggleik eit grunnleggande behov? Kva med frisk luft? Smertelindring? Vareta ei god tannhelse?

Kor skal vi legge lista? Skal vi ta det lågaste nivået vi kan finne, og seie at det får vera godt nok? I kva andre aldersgrupper ville vi godta det?

Korleis kan vi godta det for eldre, utrygge menneske med demens? Då godtek vi at menneskeverdet til det gamle, skjøre mennesket ikkje er likt som hos yngre. Det gamle livet mistar verdi!

Lista for eldreomsorg må opp på eit nivå som omfattar verdigheit og livskvalitet!

Det er berre to år til stortingsvalet. No må politikarane vise kva dei har tenkt å gjere med eldreomsorga. Vil dei satse for å ruste den opp, før behovet for meir helsepersonell blir større og meir utfordrande å handtere?

Bemanninga må opp, for dei som bur der fortener verdigheit i det som er den siste tida deira. Vi er sikre på at fleire hender vil få ned sjukefråværet og behalde dei varme pleiarane lengre i yrket. Behovet for å ta folk inn på overtid vil gå ned når grunnbemanninga er høgare. Godt arbeidsmiljø fysisk og psykisk vil hjelpe på rekrutteringa. Vi treng at fagutdanna personale vel å jobbe i eldreomsorga.

Vi trur ikkje politikarane veit nok om kva behov menneska med demens har. Dei må få kunnskap og ta den innover seg, skal det bli betring.

Vi har starta «Eldrebrølet», og vi har absolutt ikkje tenkt å sitja stille lengre. Vi jobbar med å få spreidd informasjon om korleis dei faktiske forholda er.

Vi skal rope ut. Så sterkt at det ikkje hjelper å halde seg for øyra lengre.