BT-kommentator på ville vegar

DEBATT: BT-kommentator Morten Myksvoll er offer for ein elementær logisk brest

KONFLIKT USA-IRAN: Noreg må vera førebudd på å senda krigsskip til Persiagulfen, meiner BT-kommentator Morten Myksvoll. Han får motbør frå Vidar Lehmann. Reuters

Debattinnlegg

Vidar Lehmann
Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjort i ulike fredsoperasjonar i FN-regi.

Under tittelen «Fare for storkrig» i BT 23. juli hevdar kommentator Morten Myksvoll at Noreg må vera på USA si side i konflikten i Persiabukta, og gjerne senda krigsskip dit.

I siste avsnitt gjer han så baklengs salto med å vedgå at det var USA sin president som ved oppseiing av atomavtalen, forårsaka konflikten.

Her er Myksvoll offer for ein elementær logisk brest.

Lat meg illustrera det med eit døme frå helsetenesta: Sidan alle veit at tuberkulose skuldast tuberkelbasilla, er det sjølvsagt at ein først og fremst prøver å motverka, avgrensa og helst nøytralisera årsaka til sjukdomen.

Om ein trass denne kunnskapen i staden skulle velja å styrkja basilla, og elles nøya seg med å behandla ein komplikasjon, ville det resultert i førstesideoppslag i BT og dernest krisemøte i Departementet.

Der ville den ansvarlege legen bli fråteken lisensen, om han då ikkje alt var sjukmeld.

Les også

Les også: Fare for storkrig

Så kan det innvendast at ein politisk konflikt er meir kompleks enn ein sjukdom. Lat gå at det er rett, så lat meg difor utvida det medisinske dømet:

Sei at pasienten er ein person som legen mislikar. Anten av di han er konkurrent, eller kanskje tilhøyrer ein krins som gong på gong har kritisert legen personleg, økonomien, arbeidsgjevaren eller heile yrkesgruppa hans.

Skulle så vera, vil det heller svekka enn styrkja legen si sak. Han ville heller ikkje få medhald av fagforeininga si.

På eit punkt har Myksvoll rett: Det gjeld å avgrensa og avslutta konflikten. Den krevjande jobben er å få Trump-administrasjonen til å gjera retrett med omsyn til atomavtalen.

Om norske krigsskip under USA-leiing har nokon slik funksjon, er derimot mykje tvilsamt.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg