Baconmannen er no meir irriterande enn veganaren

«Du gjev vel ikkje ungane dine GRAS? GRAS er det MATEN min et! IDIOT!»

KJØTT-MAS: Innsenderen har fått «Baconmannen» i vrangstupen. Illustrasjon: Shutterstock/BT

Debattinnlegg

Øyvind Strømmen
Miljøpartist, journalist og forfattar

KRIG: Eg erklærer kulturkrig. Ikke mot fleskepannekakene eller pinnekjøtet, men mot idéen om at grønsaker er farleg, skummelt og totalitært, skriv Øyvind Strømmen. Privat

Eg kjenner eit par veganarar som ikkje berre kan irritera ein stein, men gje steinen varige nerveproblem. Men no for tida er det ein annan figur som irriterer meg meir. Det er Baconmannen.

Du veit, han karen som dukkar opp overalt i sosiale medium med rop om «bacon!», som har ein Facebook-vegg full av baconvideoar, samt bilete av store dieselbilar? Han, ja!

I det siste har han fått nokre nye idear. Der nokre av oss vona at desse kanskje skulle handla om eit meir balansert kosthald, handlar dei eigentleg om diktatur. Om Nord-Korea. Om slike greier.

Baconmannen er nemleg på pletten for å gjera 2019 til eit historisk år. I generasjonar har urolege foreldre forsøkt å få borna til å eta opp grønsakene sine (eller «sønderkokt brokkoli», «smaklause poteter» og «gulrot som er kokt så hardt at den blir til mos når den kjem inn i munnen», som desse også vert kalla).

I 2019 er det derimot eit problem dersom born får gratis skulemat, og denne maten er laga av produkt som ikkje inneheldt kjøt. Havregraut, grønsakslapskaus, brød, syltetøy, brunost, slike ting.

Det er også eit problem dersom nokon ymtar frampå om at det kanskje ville vera greitt for fleire av oss å eta litt mindre kjøt. Om ikkje for miljøet si skuld (for det der er eit komplisert reknestykke), så iallfall for helsa si skuld.

Då er Baconmannen rett rundt hjørnet i sin dieselslukande Baconmobil. Klar for å kasta seg inn i konflikt med grøne politikarar og andre skurkar med eit arsenal, som, ulikt Fantonald sitt, ikkje er klekt ut på labben til Petter Smart.

«Diktatur», ropar Baconmannen, dersom han høyrer om ei kantine med ein kjøtfri dag, eller om nokon som serverer ein grønsaksrett til middag. «Nord-Korea», skrik han i den digitale sfæra. At nokre av oss har høyrd at Kim Jong-Un driv med verre ting enn å gje skuleborn skattefinansiert mat, bryr ikkje Baconmannen seg om.

«Ungane må ha kjøt», hyler Baconmannen, dersom han avslører ei brødskive som ikkje er utstyrt med leverpostei, roastbeef og salami, men appelsinmarmelade.

Baconmannen insisterer på at grønsaksmat er farleg, fordi det ikkje utgjer eit komplett kosthold. At det knapt finst ei sjel – ikkje ein gong blant dei fyrstnemnde veganarane – som har føreslege å forby leverpostei, eller at rullepølse berre skal seljast på statlege rullepølsemonopol, får han ikkje med seg i brumminga frå dieselmotoren og si eiga stemme.

Baconmannen irriterer meg etter kvart ganske storleg. Og det seier eg ikkje fordi eg er vegetarianar, eller fordi eg ikkje liker bacon (for eg er kjøtetar, og bacon er godt), men fordi eg rett og slett er glad i mat (med unnatak fir overkokte gulrøter), og fordi eg stadig vekk lagar mat av grønsaker.

Høyrer du den lyden? Det er Baconmannen : «Du gjev vel ikkje ungane dine GRAS? Gras er det maten min et! IDIOT!».

Men det var ikkje gras eg serverte i går, det var fylte paprika med potetmos (frå Toten, trur eg) iblanda erter og ei herleg blanding indiske krydder. Og det skal du vita, Baconmann, at det var langt betre enn nitrist familiedeig frå Rema. Og det er grunnen til at eg et stadig meir grønsaker: det er godt.

At det i tillegg bidreg til at eg får eit meir variert kosthald, er ein bonus. At eg i tillegg har fått større respekt for ypparlege norske råvarer, og ein kjærleik til bønder som leverer slike, er ein annan bonus.

Difor, Baconmannen, erklærer eg kulturkrig. Ikkje mot baconet eller fleskepannekakene eller ribba eller pinnekjøtet, men mot idéen om at grønsaker er farleg, skummelt og ikkje ratt lite totalitært.

Du burde ha lært det av mor di: Dei er til å eta opp!