Høgtida for klump i magen

For mange er jula det motsatte av magisk. Sånn var det lenge for meg.

« Lite gir mindre glede enn det å ikkje klare å innfri nettopp det å vere glad», skriv innsendaren om førjulstida.
  • Malene Vilnes-Bakke
    Forfattar og redaktør, Frisk forlag
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Då eg las eit innlegg frå instagramkontoen Norske hemmeligheter frå ei som låg aleine på ein studenthybel og grein medan dei andre var på fest, slo det meg at dette var ein gong meg!

Det var eg som låg på ein liten hybel i Volda og grein, aleine, og aller mest i desember. Med mindre eg var på festen, drakk meg full og blei med nokon heim. Alt for å døyve den intense smerta på innsida.

Det er mange som har det vondt i desember, og eg vil du skal lese dette:

Du er ikkje aleine.

«Kontrasten mellom alt glitteret og mitt eige mørke på innsida kunne ikkje vore større», skriv Malene Vilnes-Bakke om tidlegare julefeiringar.

Det er ikkje berre du som blir enda meir lei deg av at andre deler bilete av nysnø, fullmåne, julepynta hus, glade barn, fest, paljettar og vennejulebord. Du er ikkje aleine om å føle deg enda meir mislykka i takt med at barometeret for julestemning peaker.

I mange år hadde eg ein gedigen «juleklump» i magen, som trigga ei eteforstyrring til å peake kvar einaste desember. Kontrasten mellom alt glitteret og mitt eige mørke på innsida kunne ikkje vore større.

Alle skal vere glade i desember, men lite gir mindre glede enn det å ikkje klare å innfri nettopp det å vere glad. Og jo meir press du set på deg sjølv, jo verre blir det å tape.

Kva er feil med deg, tenker du kanskje? Svaret er at det er ikkje noko feil med deg. Det er ikkje jula sin feil heller. Det er menneska som har gjort den til ei slags opphoping av forventningar, stress, kjensler – og til ei indre scene for gode og vonde minner.

Dessverre har mange av oss vonde minner i kroppen, fordi kroppen hugsar sånt som har gjort vondt. Og kanskje har du ikkje fått hjelp til å tilarbeide eller sette ord på det vonde.

Dermed kjem desse minna tilbake som ubedne gjester, og ofte kjem dei akkurat no, mens verda rundt deg er non stop jul. Det kan verke umogeleg å sleppe unna.

Les også

Malene Vilnes-Bakke: «Av med maska!»

Vi er mange som kjenner kvalme i mageregionen i staden for kribling idet startskuddet går for vekevis med Sissel Kyrkjebø og «Glade jul» på radioen. Grønsåpelukt kan trigge stress, selskap minner deg på at du ikkje har nokon å be.

Tanken på å bake ørten sortar julekaker kan gjere deg handlingslamma. Det same er tilfellet med invitasjonane til avslutningar, forventningane om førjulstreff, og igjen: dette unisone presset om at nettopp desse tinga skal skape magi, glede og god stemning.

I år har eg ingen klump, men det har tatt meg mange år å kome hit. Eg vil likevel ikkje ha ned alle nissane frå loftet, høyre på julemusikk 24/7, sjå julefilmar kvar kveld, møte masse folk eller bake.

Eg les heller litt makaber krim, et det eg pleier å ete, og tar meg ein kopp gløgg, om eg føler for det.

Les også

Kjøp av brukte julegaver: Dette bør du tenke på

Slik har desember så langt gitt mange små glimt av glede. Fordi eg ikkje har ei einaste forventning om å vere glad. Eg kan ta meg i å smile over eit snøfnugg, stjerner på himmelen, smaken av julebrus eller lukta av peparkaker. Men eg tar det ikkje for gitt, for dette er nytt for meg.

Mitt beste råd er å tørre å sette ord på det vonde, stole på at det ikkje er noko feil med deg, og å hugse at det gøymer seg mykje bak idylliske julehus, julerøde insta-innlegg og strålande smil.

Det er lov å hoppe over heile jula også. Eller å feire den på din måte. For ein ting er eg sikker på: Jula dømmer deg ikkje.

Og til deg som ligg og grin aleine på ein studenthybel: Ikkje gi opp. Be om hjelp. Uansett kva du strir med, er du ikkje aleine – sjølv om det følast sånn. Våg å snakke med nokon, også om du tenker at du er berre til bry, eller trur at det du slit med anten er for lite eller for stort til å dele med nokon.

Det finst alltid håp. Ironisk nok er kanskje det den eigentlege julas viktigaste bodskap.

Publisert: