Eg treng bygda, og det gjer du óg

Med mindre vi kan få potetåker på Torgallmenningen og laks i fontenene, klarar vi oss ikkje utan bygda.

Amalie Fure er ein av finalistane i talekonkurransen «Ta ordet!». Ho bur i Selje i Nordfjord og går på Eid vidaregåande skule.
  • Amalie Fure
    Elev ved Eid vidaregåande skule
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Bygda, ein plass langt inn i nowhere. Gjengrodd og utan mobildekning.

For mange er det dette som er Distrikts-Noreg. For meg er det ein heim, og eg treng bygda.

Eg bur i Selje, rett ved havet, heilt nord i Vestland fylke. I sommar, då eg var guide, møtte eg turistar dagleg som ville flytte hit med ein gong.

Det skjønnar eg godt, og det er berre å kome.

Eg bur to minutt unna fjellet fylt av stiar, toppar og hjort, og havet fylt av fisk, kreps og krabbe.

Du er kanskje ein av dei som ville kalla Selje ein plass «in middle of nowhere», når vi ikkje har McDonald's, Sats eller kjøpesenter. Vi som bor her, har derimot naturen, stilla og naboar vi tør å prate med. Verdiar som gjer at eg heller bur ein time frå kjøpesenter, i staden for som sild i tønne i ein by.

Likevel tar eg meg ein bytur i ny og ne, og hummarprisane i Bergen er eigentleg ein eigen grunn til å reise. 1649 kroner pr. kilo og 549 kroner pr. hummarhale.

Du får sjømat til nesten 2000 kroner på ei regntung brygge i Bergen, eller rett utanfor eiga dør i Selje i Nordfjord. Det regner i eitt sett her òg, men med opplevingane ein får, so trur eg at du òg ville sett at vi kan tilby meir enn gjengrodde stader og dårleg dekning.

«Dei unge må flytte heim», seier politikarar.

Det er ingenting eg vil meir etter utdanning. Men kva kjem eg eigentleg heim til?

Ein ting er å kome heim til naboane, naturen og sjømat som ikkje svir i lommeboka. Ein annan ting er å kome heim til ei bygd utan arbeidsplassar, barnehagar eller skular.

Utan dette er distrikta utan ei framtid.

«Dei unge må flytte heim», seier politikarane. Fem minutt etterpå tappar dei eit svømmebasseng og stenger ein skule. Er det dette vi skal kome heim til?

Vi må nemlig kjempe med nebb og klør for undervisning elevane har krav på.

Les også

Ny skrivekonkurranse i BT: «Vi som lager jul» - vinn 10.000 kroner

I snart 20 år har bassenget på Selje skule stått tørt. Like lenge har vi kjempa for lovpålagt og livreddande svømmeundervisning. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men som småbarnsforelder hadde ikkje eg latt mine ungar vekse opp på eit svaberg utan å kunne symje. Er det nødvendig med ein drukningsulykke for at vi skal bli sett og høyrt?

Stad kommune har ein visjon om å vere «Verdas beste vesle Stad».

Kva betyr eigentleg det, når alt skal leggjast ned?

Kollapsar bygdene, blir det både næringsliv og «vanlege folks tur» til å kjenne på det. Vi får nemleg over 40 prosent av maten vår frå fiskaren og bonden. På sikt kjem vi derfor ikkje so langt om vi legg ned bygdene – og lar det renne over av folk i byane.

Med mindre vi kan få potetåker på Torgallmenningen i Bergen, og laks i fontenene.

Kva er den viktigaste grunnen til at folk flyttar frå bygda til byen, trur du?

Vi spør ikkje om verken Sats, McDonald's eller kjøpesenter – vi klarer oss veldig fint med Coop Prix!

Vi spør om ein heim, med ei framtid. Der ungane er trygge på at dei har noko å gå til. Også i morgon, og neste veke. Vi treng arbeidsplassar. Vi treng barnehagar, skular og det j**la bassenget.

Med vatn!

«Dei unge må flytte heim», seier politikarane. No er det på tide at de gjer det mogeleg.

Jobbar de ikkje for det i dag, vil det vere for seint i morgon, når næringslivet har kollapsa og bygdene er tømt for folk.

Og du, kva kan du gjere? Eg håper du vel politikarar som vil ta vare på heile Noreg.

For eg treng bygda, og veit du kva?

Det gjer du òg.

Publisert: