Rektor Olsen rotar det til

Ingen har lagt på bordet noko argument for at flytting vil vere til fordel for språkbrukarane.

STYRKE SPRÅKRÅDET: Eg vil styrke Språkrådet i Oslo, ikkje bygge det opp på nytt i Bergen, skriv Ottar Grepstad. Scanpix

Debattinnlegg

Ottar Grepstad

Det er bra at UiB-rektor Dag Rune Olsen i Bergens Tidende 26. juni vil diskutere dei faglege sidene ved å flytte Språkrådet. Som trøndsk solkonge vil kommunalpolitisk talsmann André N. Skjelstad i Venstre verken diskutere fag eller prosess og i beste fall snakke med dei som er samde med han.

Olsen skriv at eg som direktør i Nynorsk kultursentrum meiner at Bergen har nok med språksamlingane og Norsk Ordbok no. I denne saka har eg konsekvent ytra meg som privatperson og brukt den kunnskapen eg har frå styret i Språkrådet 2006–2015.

Der ligg også bakgrunnen for engasjementet. Eg brukte år av mitt liv på å vere med og få ein stivna organisasjon i full, moderne drift, og det er ikkje mine ord at Språkrådet aldri har fungert betre enn i dag. Var det ikkje slik, ville flytting vere eit godt verkemiddel for å skape endring og dynamikk. Det som fungerer godt, er det derimot ingen fagleg grunn til å endre.

Les også

Bergen har ikke god nok kompetanse til å drive Språkrådet

Språkpolitisk er det viktig at Språkrådet er i Oslo. Som forvaltningsorgan har denne institusjonen dessverre ein svakare posisjon overfor resten av statsforvaltninga enn Stortingets vedtekne språkpolitikk skulle tilseie. I eit brev til regjeringa 2. mai 2017 skriv universitets- og høgskulerektorane i Bergen at direktøren i Konkurransetilsynet ikkje snakkar med mindre tyngd frå Bergen enn frå Oslo. Det er eg heilt samd i, men Konkurransetilsynet er eit organ som ingen departement kan vri seg utanom. Språkrådet set dei til sides altfor ofte. Derfor vil eg styrke Språkrådet i Oslo, ikkje bygge det opp på nytt i Bergen.

Der er sterke krefter på høgresida i norsk språkpolitikk som gjer det dei kan for å svekke Språkrådet. Høgre-landsmøtet vedtok faktisk å vurdere om ansvaret for norsk rettskriving skal privatiserast. Riksmålsmiljøet har i alle år fremja ein liberalistisk språkpolitikk der staten skal ha minst mogleg å seie. I denne situasjonen er det å flytte Språkrådet den dårlegaste språkpolitiske ideen på 2000-talet.

Det samla språkfaglege miljøet i Bergen er framover avhengig av at Språkrådet heile tida er operativt og fungerer like godt som i dag. Dei avtalane som Olsen nemner, kom jo på plass nettopp fordi Språkrådet er der det skal vere.

I Noreg er det mange skjøre språkmiljø. Hilde Haualand ved NTNU sa frå om situasjonen for teiknspråkbrukarane i Bergens Tidende 25. juni. Det same kunne seiast om alle dei andre språkminoritetane som Språkrådet har ansvaret for. For alle desse forvanskar ei flytting situasjonen, og den blir ikkje betre for nokon.

Stortinget har nettopp gjennomført ei av dei største reformene i offentleg forvaltning. No skal mange kommunar og storfylke finne ut av eigne språkpolitiske posisjonar, og staten blir sett på mang ein prøve. Då treng nokon kvar at statens språklege tilsynsorgan Språkrådet fungerer knirkefritt i 2017, 2018, 2019, 2019, 2020, 2021, 2022.

Les også

– Bergen har mer enn nok

Av di universiteta har prioritert som dei har, er det i dag ei kritisk låg rekruttering til forskingsutdanning i disiplinar som namnegransking og leksikografi. Dette viser att i budsjettsøknaden for 2018 frå Språkrådet. Der skisserer Språkrådet ein modell for revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka som hjelper Bergen med å bygge opp eit leksikografifagleg miljø over fem–seks år. Det blir ikkje lett å få til viss Språkrådet skal avviklast i Oslo og rekruttere 30 nye medarbeidarar i Bergen.

Dette handlar ikkje om noko agg mot Bergen, byen eg aldri har sagt eit vondt ord om i noko av det eg har skrive offentleg gjennom 50 år. Det handlar om kva som er den beste løysinga for norske språkbrukarar i og utanfor offentleg forvaltning. Ingen har lagt på bordet noko argument for at flytting vil vere til fordel for språkbrukarane, men det motsette er sannsynleggjort.

Kanskje er det grunnen til at ingen av dei leiande kulturpolitikarane i Høgre er for å flytte Språkrådet. BT fortalde førre veka at også Venstre-leiar Trine Skei Grande og noverande styreleiar Guri Melby vil ha Språkrådet der det er. Det siste Språkrådet kan skuldast for, er å vere Oslo-dominert i tenkinga si eller for utydeleg i det nynorske. Det siste Språkrådet bør dragast inn i, er simple lokaliseringsspel der uryddige prosessar og pikante relasjonar får lov til å setje faglege og språkpolitiske vurderingar til sides.