Fleirtalet av befolkninga er oversett

Hurra for miljønasjonen Noreg som drit i eige matfat med velsigning frå vår stolte minister.

Publisert Publisert

VIKEPLIKT: Ein dag vil ministeren oppdage at det hadde vore klokt å pålegge ein grådig gruveindustri vikeplikt for økosystemet og fornybare resursar i Førdefjorden, skriv Magnar Aarseth. Bilete viser Natur og Ungdom trene på sivil ulydnad på toppen av Engebøfjellet. Foto: Oddleiv Apneseth

Debattinnlegg

  • Magnar Aarseth
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

«

**Eg er stolt over** Engebø-vedtaket», sa næringsminister Monica Mæland på fylkesårsmøtet til Høgre i Sogn og Fjordane. Ein stolt minister har gjeve eit papirgruveselskap løyve til eit industriprosjekt som kan vise seg å bli den største forureiningsskandalen i landet på lang tid.

Det å være stolt over eit slikt vedtak inneber veldig mykje. Det inneber det å være stolt over å ha oversett faglege råd frå Havforskningsinstituttet, Fiskeridirektoratet og ei samla fiskerinæring.

Det same med råd frå nasjonalt institutt for ernærings— og sjømatforsking, uavhengige forskarar, ekspertar på aquamedisin, naturvernorganisasjonar nasjonalt og internasjonalt, reiselivsnæringa, samt den erfaringa vi har frå andre fjorddeponi i landet. Næringsministeren er sikkert stolt over å ha teke avgjerda basert på bestillingsverket frå NIVA, som har fått sin forskingsetikk trekt i tvil, godt dokumentert i fleire avisartiklar. Ministeren er òg truleg stolt over å ha gitt etter for press og lobbyverksemd frå gruveindustrien.

Magnar Aarseth.

Vi har sett dei strengaste utsleppsvilkåra i verda, seier ministeren. Ein kan telje dei land som gjev slike løyve, på fem fingrar eller mindre. Då er ein i beste fall blant dei fem beste i verda. Hurra for miljønasjonen Noreg som drit i eige matfat med velsigning frå vår stolte minister.Gruveselskapet kan sleppe ut gruveavgangen uansett partikkelstorleik, så lenge partiklane legg seg pent i ro innafor det regulerte området på fjordbotn. Men stiller vår stolte minister opp og trykkjer på stoppknappen den dagen gruveavgangen spreier seg over eit større område enn føresett? Truleg ikkje, kven stoppar ei verksemd der det er investert to-tre milliardar kroner om det ikkje går som planlagt nede på fjordbotn? Vi har strenge krav til overvaking, vil sikkert vår stolte minister hevde. Det er berre det at overvaking er eit verktøy for å dokumentere korleis massen spreier seg på fjordbotn, ikkje noko meir.

Kronikk:

Les også

Førdefjorden må reddes!

Ein kan aldri simulere seg fram til fasiten for eit så stort naturinngrep som det å dumpe 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Dei siste tilleggsundersøkingane som var gjort, forsterka inntrykket av at den negative innverknaden på miljøet i fjorden er sterkt nedvurdert. Næringsministeren er sikkert stolt over å ha kasta føre-var-prinsippet på djupt vatn saman med gruveavfallet, og over å ha oversett at fleirtalet av den norske befolkning seier nei til bruk av fjorddeponi.

Debattant:

Les også

«Det er ikkje vi som protesterar som driv med miljøkriminalitet»

Næringsministeren er sikkert stolt over å ha teke eit godt kvelartak på bygder og tettstader rundt Førdefjorden. Kven torer å etablere seg i eit område med ei gruve med støy og støv og ein fjord der økosystemet vert påført store negative påverknader med endå ikkje definerte konsekvensar. Held ein eit kvelartak lenge, veit ein korleis det går. Men vår stolte minister slepp nok ikkje taket så lett, for det krev mot, ryggrad og evne til å sjå langt fram når bærekraft og kunnskap skal ligge til grunn for eit vedtak.

Brif:

Les også

Syv spørsmål og svar om gruvekonflikten i Naustdal

Skal tru om næringsministeren er stolt over det å oversjå at sivil ulydnad kan vere viktig for utvikling av demokratiet? Ministeren har truleg høyrt om Thrane, Hauge og Gerhardsen som alle stod opp mot det dei meinte var urett i si tid. Desse tre karane har vel ikkje noko dårleg ettermæle trass i arrestasjonar og fengsling. Kanskje var det ein kommande Gerhardsen mellom dei som låg i lenker på Engebø-fjellet og protesterte mot det stolte vedtaket. Sivil ulydnad er ikkje alltid det største brotsverket. Ministeren burde heller være stolt over at vi har ungdom som ser lenger enn nasa rekk, og som tek affære når galskapen vert stolte vedtak. Med sine førelegg på 10.000 kroner kvar, har desse ungdommane truleg bidrege med meir kapital inn i statskassen enn det gruveselskapet nokon sinne kjem til å gjere.

Ein dag vil ministeren oppdage at det hadde vore klokt å pålegge ein grådig gruveindustri vikeplikt for økosystemet og fornybare resursar i Førdefjorden. Men ministeren treng ikkje å uroe seg. Motstanden i folket mot det stolte Engebø-vedtaket er sterkare enn ansvarsløysa og den manglande evna til kunnskapsbasert avgjerd i den høgredominerte regjeringa.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg