«Hysterisk vindkraftmotstand» og annan motvind

DEBATT: Når BTs Hans K. Mjelva omtalar folk i Florø som «kjenslevare», er det i liten grad uttrykk for respekt for dei som prøver å målbere sine synspunkt.

BETRE PÅ AVSTAND: Det er enklare ikkje å ta omsyn til folk som bur langt unna og naturen der, enn å skulle gå imot friluftsinteressene til næraste naboen. Slikt kan fort verte ei påkjenning, skriv innsendaren. Alice Bratshaug (arkiv)

Rune Garmann
Masfjorden

Rune Garmann

Eg kom til å tenkje på dette vesle gruk-et av Piet Hein då eg las Hans Mjelvas kommentar «Hysterisk vindkraftmotstand» i BT 2. april:

Naturen er vår far og mor

som gode gaver ga oss

– og staten er vår storebror

som tar det hele fra oss.

Byter ein ut ordet «staten» med «storsamfunnet», trur eg dette diktet vert ei temmeleg presis skildring av det mange menneske i distrikta opplever når dei no kan lese om planar for plassering av vindturbinar i deira nærområde.

Les også

Les kommentaren som innsendaren reagerer på: «Hysterisk vindkraftmotstand»

Det er ei oppleving av tap. Det er ei oppleving av at storsamfunnet ikkje bryr seg, men tek for seg av dei ressursane som det vil ha. Det er ei oppleving av ikkje å verte høyrd, eller endå verre: Å ikkje verte teken på alvor, ikkje verte respektert.

Når Mjelva omtalar folk i Florø som «kjenslevare», og folk som kjempar mot vindmølleparkar vert omtala som Don Quijotar, er det i liten grad uttrykk for respekt for dei som ut frå sine interesser og med dei midlar dei rår over, prøver å målbere sine synspunkt.

Det er ikkje alle som er like privilegert som Hans Mjelva, som har avisa som vågar å kalle seg «Vestlandets storavis» som sin talarstol. Andre må rope for å verte høyrd. Då får vi som høyrer på, bere over med at stemma deira tidvis høyrest skingrande ut.

Det er sannsynlegvis fornuftig at delar av vår produksjon av fornybar kraft vert eksportert som alternativ til kraftproduksjon basert på fossilt brennstoff. Og det er truleg rett at Noreg gjer klokt i å satse på vindkraft, på same måte som ein tidlegare satsa på vasskraft.

Men medan vasskraftproduksjonen naudsynleg måtte lokaliserast til stader der det var rikeleg med nedbør og stor høgdeforskjell mellom vassnivåa, vil eg tru det bles tilnærma like mykje over store delar av Vestlandet. Ein kan såleis sjå for seg ein vindmøllepark plassert så å seie kvar som helst i landsdelen vår.

Les også

Naboene strides om vindkraft i Masfjorden

Så kvifor ikkje tenkje seg at ein la vindmølleparkane litt nærare der folk bur, og der inngrep i naturen alt er gjort? Forutan at dette truleg vil føre til lågare utbyggingskostnader, kan det også ha ein beredskapsmessig fordel, av di avstanden frå produksjonslokasjon til brukar vert mindre, og straumnettet såleis lettare å halde ved like.

Om argumentasjonen til dei kjenslevare folka i Florø skriv Hans Mjelva dette: «Her bur du i ein by full av hus, gatelys og andre spor etter menneskeleg aktivitet, og så blir då så provosert av nokre vindturbinar du ikkje kan høyre, berre sjå? Eg forstod mange av dei andre argumenta mot prosjektet, men ikkje dette.»

Når får vi så lese Hans Mjelva argumentere for ein vindturbinpark i nærleiken av område med tett folkesetnad, til dømes på Lyderhorn og Løvstakken, eller ei rekkje med vindturbinar på rekkje og rad frå Sandviksfjellet over Rundemanen og Vidden til Ulriken?

Det får vi neppe, sannsynlegvis av fleire grunnar. Ein av dei er at det kan vere lettare å ta inn over seg konsekvensane av tiltak som skjer i eige nærmiljø. Slik er det for meg, slik er det truleg for dei fleste.

Ein annan grunn kan vere at det er enklare ikkje å ta omsyn til folk som bur langt unna og naturen der, enn å skulle gå imot friluftsinteressene til næraste naboen. Slikt kan fort verte ei påkjenning. Folk i distrikta vil ha forståing for det. Vi veit kva det vil seie å kjempe i motvind.

Les fleire innlegg og artiklar om vindkraft på denne samlesida

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg