For nokre barn vil skulestart vere ekstra tøft

DEBATT: Alle tilsette må vite kva som skal til for at barn blir trygge, og kva leiinga forventar av dei som vaksne.

SKULESTART: Det første møtet med skulen og SFO har stor innverknad for barnas trivsel og utvikling, skriv Mari-Kristine Morberg. NTB Scanpix (Illustrasjonsfoto)

Debattinnlegg

Mari-Kristine Morberg
Mobbeombodet i Hordaland

Akkurat no er det mange barn som har sitt aller første møte med skulen. Dei har starta på skulefritidsordning (SFO).

Eg kjenner til mange skular som er gode på å ta imot førsteklassingar. Dei er ekspertar på dette, med erfaring, kunnskap og har nærmast perfeksjonert mottakinga. Eg kjenner også til SFOar som er gode på å ta imot både dei små håpefulle og dei spente foreldra.

Som mobbeombod i Hordaland har eg òg dessverre kjennskap til SFOar som er mindre gode på dette.

Vi menneske er sårbare i ulike situasjonar. Overgangssituasjonar kan vere særleg utfordrande, og for nokre barn vil skulestart vere ekstra tøft. Det kan vere ulike grunnar til det. Kanskje har dei nettopp flytta til området, kanskje vart dei mobba i barnehagen eller kanskje er dei berre eit av dei mange barna som treng tid for å bli trygg.

Mari-Kristine Morberg, Mobbeombodet i Hordaland. Atle Kold Hansen, Hordaland fylkeskommune

For at det skal bli ein god start, må det òg vere nok tilsette. På SFO jobbar det mange fantastiske menneske, med engasjement, gode smil og trøyst. Alle tilsette må vite kva som skal til for at barn blir trygge, og kva leiinga forventar av dei som vaksne.

Starten må ha ein tydeleg plan og eit klart opplegg frå første stund. Små tiltak kan gjere stor forskjell. Enkle grep kan til dømes vere å gi informasjon på førehand slik at barn og foreldre veit kva som skal skje, at elev og foreldre blir møtt når dei kjem inn døra, at dei får ei omvising i lokala, namneleikar og bli-kjend-leikar.

Både i opplæringslova og i rammeplanen står det om overgangen frå barnehage til skule. Skulen har ei plikt til å samarbeide med barnehagen, og dermed bidra til at barna får ein trygg overgang frå barnehage til skule og skulefritidsordning.

Dette første møtet med skulen er essensielt. Rekna i faktisk tid varer ikkje overgangen så lenge, men har likevel stor innverknad for trivsel og barns utvikling.

Politikarar som no skal inn i kommunestyre. Kva vil de gjere for å sørgje for at det er kvalitet på SFO frå første dag?

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg