Feilaktig framstilling aukar konfliktnivået

Publisert: Publisert:

FORVIRRANDE: Ein del av omtalen av arrangementet ber preg av at dei som uttalar seg, ikkje var der. Framstillinga i media er til dels òg ganske forvirrande; VG, Vårt Land og Khrono har kvar sin versjon, skriv innsendaren. Foto: Eirik Brekke (arkivfoto)

Debattinnlegg

Arve Kjell Uthaug
For arbeidsgruppa i Frimodig kyrkje Bjørgvin

Frimodig kyrkje i Bjørgvin og Til Helhet arrangerte 15. oktober eit kveldsseminar om kjønn, seksualitet og identitet som har fått mykje omtale i media.

Vi vil rosa dei mange kritikarane i forsamlinga. Ja, vi er usamde om rett og gale, og det var både kvasse og mindre kvasse innlegg i debatten. Men det er jo ikkje underleg. Dette er store og viktige spørsmål som mange har tett innpå livet. Det var eit hovudpoeng for talar Mike Davidson at vi nettopp bør snakka saman og byggja bru, og ikkje sjå på kvarandre som fiendar.

Dessverre har arrangementet ført til sterkt negativt søkjelys mot NLA Høgskolen. Seminaret var i NLA sine lokale i Bergen, men skulen hadde ingen ting med seminaret å gjera, og sjølvsagt ikkje noko ansvar for innhaldet. To tilsette der har i etterkant sagt opp stillingane sine. Tilsetjingsforholdet er ei sak mellom dei det gjeld og NLA, og vi vil ikkje kommentera dette.

Derimot må vi få lov å peika på måten innhaldet i seminaret blir omtala på. Ifølgje avisreferata ser dei to ut til å meina at homofili vart stempla som ein sjukdom. Det er feil, og det er trist at ei slik feilaktig framstilling er med på å dreia konfliktspiralen endå ei omdreiing. Det trur vi ikkje var meininga.

Ein del av omtalen av arrangementet ber dessutan preg av at dei som uttalar seg, ikkje var der. Framstillinga i media er til dels òg ganske forvirrande. VG skriv at «Davidson selv sier han praktiserer konverteringsterapi».

Ifølgje Vårt Land, derimot, «påpeker (Davidson) at han ikke driver konverteringsterapi». Khrono, som er avis for høgare utdanning for forsking, har den fantasirike oppfatninga at dette var eit «seminar som vil omvende homofile studentar».

Då gjev Arve Brunvoll, som sjølv var til stades, ei langt meir nøktern framstilling. Davidson har eit tradisjonelt kristent syn på seksualitet. Og, som Brunvoll skriv: «Han berre tok imot, utan vederlag, slike som kom til han på eige initiativ fordi dei ønskte å kome til rettes med seg sjølv og å få hjelp til å leve det livet dei sjølve ville.»
Davidson ville altså få lov til å vera ein samtalepartnarar for vaksne menneske som frivillig oppsøkjer han og ønskjer han som samtalepartnar. Sjølvsagt bør han møtast med strenge etiske krav. Mange i salen var òg sterkt usamde med han. Som arrangørar la vi til rette for dialog ved å utvida tida til samtale og kritiske spørsmål.

Kanskje ingen forandra meining verken den eine eller den andre vegen. Men noko ekkokammer var det i alle fall ikkje, og vi ser ikkje på folk som fiendar sjølv om dei er usamde med oss.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg