Flaskehalsane i Alver og Åsane må bort

Det er opplagt at viktige vegar nord for Bergen må inn i Nasjonal transportplan.

Publisert Publisert

Topografien på Vestlandet gjer at mange vegar er rasfarlege, skriv Trude Brosvik (KrF). Foto: Tor Høvik (Arkiv)

Debattinnlegg

  • Trude Brosvik
    Fylkestingsgruppeleiar, Vestland KrF
  1. Leserne mener

Det er gode grunnar for ei anna prioritering enn fagetatane legg opp til i Nasjonal transportplan (NTP), både internt på Vestland, men ikkje minst mellom aust og vest.

Samferdselsdepartementet har bede fagetatane prioritere ut frå samfunnsnytte. Det vil seie at forhold som innspart tid, potensialet for trafikk og bompengar og tal på busette langs strekninga, har betydd mykje.

Dei politiske partia er samstemte om at dei vil ha busetjing i heile landet og styrke lokalt næringsliv. Samferdsle er viktig for å nå det målet. Det må legge grunnlag for korleis totalramma for NTP blir brukt.

Trude Brosvik (KrF) Foto: Tor Høvik

Der ein satsar stort, og rett, på intercity-tog, kan ein ikkje samtidig bygge firefelts motorvegar parallelt. Medan Vestland framleis skal ha ein standard på viktigaste sambindingsvegen nord-sør utan gul midtstripe på fleire stader.

For Vestland fylke, nord for Bergen, er fagetatane si tilråding katastrofal. Det er opplagt at viktige flaskehalsar i Åsane, Alver, ved Vadheim og forbi Førde, må inn i NTP. Og i påvente av den store innkortinga som ny E39 i Nordfjord skal gje, må vegen gjennom Gloppen utbetrast.

Hordfast blir den store stridssaka. Både fordi ho vert sett opp mot tryggare veg/bane på E16, men også ut frå miljøvern og eit ideelt ønskje om mindre trafikk.

Les også

Vegvesenet prioriterer Hordfast fremfor E16

Eg meiner Hordfast er eit viktig prosjekt, aller mest for Bergen.

Dersom byen skal halde fram som nummer to-by i landet, må dei folkerike områda i Sunnhordland koplast sterkare mot Bergen. Men Hordfast kan langt på veg stå på eigne bein som ferjeavløysings- og bompengeprosjekt. Det treng faktisk ikkje vere eit anten eller.

KrF har, i den politiske plattforma på fylket, sagt at vegen mellom fjordane er det viktigaste å prioritere først. Vi seier også at vegane må gjerast tryggare. Arna-Voss er spesielt nemnd. Det står vi sjølvsagt fast på.

Etter å ha delteke på alle tre innspelsmøta som fylket hadde, så trur eg vi er ganske på linje med hovudønskja. Arbeidet blir no å finne den politisk gode samlinga på innspela, og ta kampen i lag for Vestland fylke sine interesser.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg