Vi må få nye oppgåver til Vestland

Den nye fylkeskommunen skal bli eit kraftsentrum.

Publisert Publisert

OFFENSIV: Ved å gyve laus, kan vi skape det beste fylket i landet, skriv fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i nye Vestland fylkeskommune Foto: Tuva Åserud

Debattinnlegg

  • Jon Askeland
    Fylkesordførar, Vestland (Sp)
  1. Leserne mener

Når vi no går inn i Vestland fylke, må vi få tilført nye oppgåver. Med berre 11 fylke, er tida moden for å gå laus på nokre av direktorata og overføre oppgåver til fylka. Det kunne ha vore ei god maktspreiing.

Som ordførar har eg sett at banda mellom direktorat og departement er for tette. Tilsette beveger seg mellom dei. Eine dagen er dei tilsett i departementet og andre dagen i direktoratet.

Det gjer meg betenkt. Det hadde vore betre utnytting av ressursane ved å legge ned direktorat og overføre oppgåvene til fylka. Då vil fylka få nye oppgåver, styrkja seg og spele endå betre på lag med det statlege nivået.

Tankane min er at saman med dei andre folkevalde og tilsette i Vestland, skal vi skape eit kraftsentrum i vest for å få ein best mogeleg start. Det er viktig for meg, fordi vi tilbyr viktige tenester for folk.

Les også

BT meiner: «Vestland må få gå seg til»

Eg ser på rolla som folkevald som ein tillitsvald. Vi har eit tillitsverv på vegner av alle innbyggarane i fylket. Dei har vist oss tillit, men det er og eit leiarverv. Her er det fleire dimensjonar. Eg har alltid vore medvite på desse dimensjonane. Det betyr mykje for meg at eg skal gjere mitt beste i vervet, og set min ære i det.

Eg er vel vitande om at det som er riktig politikk i eit demokrati, kan det vere mange meiningar om. Eg verdsett høgt den politiske debatten. Den bringar oss framover. Men vi må og evne å lande debatten og fatte vedtak, slik at vi kjem oss vidare, har gjennomføringsevne og syner handlekraft.

Utfordringane vi møter når Sogn og Fjordane og Hordaland står i same båt, er for svak folketalsvekst i heile Vestland fylke. Vi er alt inne i ein trend der fleirtalet av kommunen har eit folketal som går ned. Og veksten er berre i nokre få kommunar.

Til og med Bergen har alt for svak folketalsvekst. Framskriving av prognose for folketalsutvikling viser at i 2040 vil 80 prosent av alle innbyggarane våre bu i berre 12 av kommunane i Vestland.

Dette gjer at vi har ei felles utfordring. Vi må bruke heile verktøykassa for å snu ei negativ utvikling og styrke distriktskommunane og fylket. Fylket er og avhengig av at Bergen blir verande ein sterk hovudmotor. Derfor må veksten der og opp.

Om vi ser folketalsutviklinga i Vestland opp mot det faktum at over 60 prosent av folketalsveksten i Noreg skjer i Oslo og Akershus, så er oppdraget enkelt: Vi må stå saman, få meir til oss og gjere Vestland sterkt. Det er jobben. Vi må mobilisere kreftene våre saman!

Les også

Jens Kihl: «Når cowboyane i Os og indianarane i Fusa plutseleg skal vere på same lag»

Eg trur ungdommen er nøkkelen til framgang for Vestland. Heile mitt politiske liv starta med engasjement for ungdom og barn. Det har berre forsterka seg. Dei unge i dag skal forme Vestland.

Det er dei vi må stole på, både dei som tek yrkesfag, men og dei som tek universitet og høgskule. Dei skal helst gjere det i Vestland og ikkje lekke til Oslo.

Erfaringa viser at det kjem færre heim att av dei som flytter for langt vekk på høgare utdanning, enn dei som tek utdanning her. Nokre må sjølvsagt få reise vekk og ta utdanning, men ambisjonen er å ha eit mest mogeleg attraktiv utdanningsmiljø i fylket.

Utfordringane framover understrekar behovet for eit godt tilbod på vidaregåande opplæring, samferdsel for å bygge Vestland saman, satsing på ras, kollektivtrafikk og breiband.

Vi må ha ein god verktøykasse på utvikling. Vi skal styrke rolla vår som samfunnsutviklar. Kultur, idrett og det frivillige er limet som bind oss saman. Det har ei kraft i seg sjølv, og kulturlivet er kan hende det som ligg nærmast til å gje oss nye oppgåver.

Saman må vi legge visjonar for Vestland fylke. Til dømes meiner eg at innanfor marin og maritim sektor, er verdsherredøme målet. I overkant ambisiøst vil nokon seie, men eg meiner det. Innan nullutsleppsløysingar i skipsfarten er vi allereie i tet, og dei største selskapa i marin sektor har hovudkontoret sitt i vårt fylke.

I det nye storfylket, må vi ha trua på oss sjølve. Det ivrar eg for. Vi kan, og vi vil. Og vi får det til når vi gir kvarandre positiv energi og «køyrar på». Lat oss skape det beste fylket i landet. Det gjer vi berre ved å gyve på.

Det er ingen god strategi å nøle i starten. Vi må kome fort ut. Det ligg mange mogelegheiter i dei nye fylka. Det er dei som kjem først og raskast ut, som lukkast best.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg