No må du visst ommøblere stova
Du må skunde deg. Trendane er nye til neste år.
- Jan Per StyveSandviken

Det kan godt hende at du har det fint og koseleg heime. Men det held ikkje – no er det nye interiørtrendar som gjeld for 2023, seier ekspertane. Og slike veit jo best. Skal du vere in, må du snarast starte ommøblering og fornying i heimen, fortel interiørdesignar Kjersti Nordby i BT sitt Hus & Hjem.
Men eg veit ikkje om eg heilt forstår alt ho ber meg gjere. Dette året snik det seg inn litt rabalder i den skandinaviske minimalismen, seier ho. Rabalder? Såpass altså, tenkjer eg undrande. Ho fortel at stilen har vore prega av kvitt, svart og brunt, marmor og store møblar, eksklusive antikvitetar og potteplantar store som tre. Men når eg ser meg rundt i mi stove, kjenner eg meg ikkje heilt att. Mine potteplantar får utan problem plass i vinduskarmane.
No skal vi dyrke mangfaldet, seier ho – utan å bry oss om kva naboar og vener meiner om oss. No er det «bold interior» som gjeld, forklarar ho. Djervt interiør, altså. Det betyr både luksus og loppemarknad, humor, nye takmønster (har du mønster i taket?), fram med alle porselensfigurane som var gøymd bort – og tallerkane skal hengast på veggen. Då vert du bold, altså djerv.
Takspottane du betalte ei månadsløn for, skal bort. No er det stålampar og lysekruner som er in, nett dei lampane du leverte til loppemarknad i vinter. Du skal kombinere breie og smale striper og små og store ruter på møblar og gardiner. Blir ikkje det litt rart, undrast eg – både striper og ruter? Og det skal helst vere laga i suzanitekstiler, seier dama. Kor får eg kjøpt det, tru?
Du må syte for at heimen din har takhøgd for ulikskap, humor og fryktlause diskusjonar, men passe på at det skjer i ein lun og varm atmosfære. Heldigvis trur eg ikkje du treng å heve taket bokstavleg. Det ville jo gått ut over takhøgda på soverommet ditt over stova – men der skal du jo berre liggje, så det hadde no gått greitt.
Du kan droppe planane om walk-in-closet. Eg trudde det betydde eit klosett der eg kunne stå oppreist, men det er visst eit rom der du kan stå oppreist når du leitar etter sokkepar med to like. No er det spiskammers som er på veg inn i husa våre, seier eksperten. Nett no når vi har kjøpt oss stort nok kjøleskap til all maten, må vi altså byggje om for å få plass til spiskammers. Då ryk nok eit av romma til ungane.
Kor varmepumpa skal få plass i dette bold interior, seier eksperten ingenting om. Men den må sikkert stylast slik at den passar inn mellom alle stripene og rutene, og ikkje bryt med mønsteret i taket.
Følgjer du interiørtrendane?
Sanneleg klarar ein ikkje å vise til at krigen i Ukraina også har konsekvensar for interiøret vårt. Det blir mangel på treslag som eik og andre fine tresortar, seier ho. Kanskje det betyr at dei solide furumøblane får sin renessanse? Dei du for mange år sidan gøymde vekk i kjellarstova. Berre hent dei opp att.
Og du må skunde deg med ommøbleringa og ombygginga. Desse trendane gjeld berre dette året. Det kjem nye i 2024. Då kan det hende at takspottar og walk-in-closet er in igjen. Er du heldig, kan du kanskje også få male over mønsteret i taket, det som har gjort det umogeleg å finne ro når du ligg på sofaen.