Skuffande BT-leiar

TEK TIL MOTMÆLE: Det er direkte svakt av BT å ikkje leggja vekt på gode erfaringar og den faglege evalueringa, skriv Terje Søviknes (Frp). Ørjan Deisz (arkiv)

Debattinnlegg

Terje Søviknes
Ordfører i Os (Frp)

BTs leiarartikkel 3. oktober er eit kraftig angrep på Solberg-regjeringa sitt forsøksprosjekt med statleg finansiering av omsorgstenester. Seks kommunar har deltatt i prosjektet dei siste tre åra, og regjeringa foreslår no å forlenga og utvida forsøket med seks nye kommunar. I tillegg får kommunar som no skal slå seg saman med kommunar som allereie er i prosjektet, høve til å slutta seg til forsøket.

BT har openbert bestemt seg for å vere prinsipielt i mot prosjektet, og hoppar elegant over den følgjeevaluering som Agenda Kaupang og Proba Samfunnsanalyse gjer i prosjektet. Hittil har resultata vore opplyftande. Kommunane har fått profesjonalisert sitt arbeid med tildeling av omsorgstenester, brukarane vert handsama likt, kompetansen er auka og brukarmedverknaden er styrkja.

Les også

Les leiaren som Søviknes reagerer på: «Regjeringa utvidar ein fiasko»

Som ordførar i ein av forsøkskommunane kan eg skrive under på dette. I tillegg har prosjektet vore positivt økonomisk for Os kommune, og dermed innbyggjarane våre som treng omsorgstenester. Det er direkte svakt av BT å ikkje vektleggja desse erfaringane og den faglege evalueringa.

Heile hensikta med eit forsøksprosjekt er å testa ut om nye modellar kan betra tilbodet til innbyggjarane, og då er følgjeevaluering viktig. I fleire tiår har vi diskutert eldreomsorga. Gang på gang har vi sett at forskjellane er store mellom kommunane, og at kommuneøkonomien i den enkelte kommune avgjer om du som innbyggjar får dei omsorgstenestene du har krav på eller ikkje. Det er uverdig.

Frp og regjeringas ambisjon med forsøket er å testa ut om statleg finansiering av omsorgstenestene kan redusera forskjellane kommunane imellom, og betra kvaliteten på eldreomsorga. Det er ikkje slik BT hevdar at kommunane er sette under administrasjon. Dei har framleis ansvar for å utvikle og levere gode omsorgstenester – det er berre finansieringsansvaret som er flytta til staten. Basert på dei førebelse erfaringane er min spådom er at fleire kommunar no vil søkja om å bli med i prosjektet.

BT hevdar og at vi ikkje treng ein eldreminister. Jo, det treng vi absolutt. Allereie no ser vi resultatet av at eldrepolitikk blir sett på den rikspolitiske dagsorden. Kvalitetsreforma «Leve hele livet» vil no bli rulla ut i alle kommunar, og Frp har også fått gjennomslag for eit eige nasjonalt eldreombod.

Vi må jobbe målretta for eit meir aldersvenleg samfunn, og då må vi også vere villige til å testa ut nye modellar som kan betra helse- og omsorgstenestene. Det er skuffande at BT ikkje ser dette.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg