Bompengar på ferja? Nei takk.

Vi vil sjå mange flaumar og ras over vegar og jarnbanelinjer, før regjering og storting finn midlar til ei unødvendig bru over Bjørnafjorden.

Rune Nielsen

  • Kjellbjørg Lunde (SV)

Den NHO-betalte lobbyisten for Hordfast, Øyvind Halleraker, prøver å lokke kommunar og fylket til å støtte innføring av førehandsbompengar på ferjene som Hordfast skal erstatte, kan vi lese i BT 29. mai. Agnet er at ein då kan få dette gigantprosjektet snarare fram i køen for vedtak i Stortinget. Det spørst.

Mi vurdering er at vi vil sjå mange flaumar og mange ras over vegar og jarnbanelinjer, før regjeringa og Stortinget finn midlar til å byggje ei overdimensjonert og heilt unødvendig bru over Bjørnafjorden. Her må det politisk prioritering til.

LOBBYIST: Det ingen grunn til å fatte lit til lobbyisten Øyvind Halleraker sine forsikringar om at prisen på Hordfast kan kome ned i 33 milliardar, skriv Kjellbjørg Lunde. Ørjan Deisz

Eg reknar med at dei fleste meiner at det er viktigare med ny veg og jarnbane mellom Bergen og Voss, kollektivsatsing i Bergen, å få bygt Sotrasambandet, opprusting av fylkesvegar, rassikring og trafikktryggingstiltak enn å få bygt ei firefelts bru over Bjørnafjorden.

Årsdøgntrafikken i dei tre sambanda som Hordfast skal erstatte, var 3200 i den siste teljinga. Prognosen for Hordfastbrua er over 12.000. Det er i samsvar med EU-krav til denne vegstandaren. Tilfeldig? Neppe! Ynskjeleg og realistisk? Nei!

Les også

Strid i Åsane: Eit minstekrav er at ein får noko igjen for bompengane

Sentralt, regionalt og lokalt vedtek ein at veksten i trafikken i tettfolka område skal skje kollektivt. Men for Hordfast ønskjer lobbyisten og hans støttespelarar at biltrafikken skal mangedoblast inn mot det nest mest folketette området i landet. Og dei økonomiske prognosane tilseier høge bompengar dersom dette skal realiserast.

Halleraker prøver å få oss til å tru at prisen totalt kan kome ned i 33 milliardar, etter nedjusteringa Solberg gav beskjed til Statens vegvesen om då totalsummen var kome over 43 milliardar.

Erfaringsmessig er overskridingane i slike prosjekt store, og i dette høve er det ingen grunn til å fatte lit til Halleraker sine forsikringar. Då han først tok til orde for at Hordfast burde gå over Bjørnafjorden framfor gjennom Fusa og Samnanger, som fylkestinget hadde vedteke, kunne milliardane han meinte det ville koste, teljast på ei hand.

Om eg får gi eit råd til politikarane i fylket: Skrinlegg Hordfast over Bjørnafjorden. Ta opp igjen planlegginga av indre trasé med lågare, men fullt ut tenleg standard og fart, og med langt større samfunnsnytte. Og truleg realiserbart lenge før monsterbrua i eit sårbart fjordlandskap eventuelt kan finansierast og byggjast.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg