Eit minstekrav er at ein får noko igjen for betalinga

Kvifor skal akkurat den delen av Åsane som har dårlegast kollektivtilbod, omringast av bomstasjonar?

TOPPA SEG: Nest etter Sotrasambandet er det ingen stader i bergensområdet der folk står meir i kø enn på strekninga mellom Vågsbotn og Klauvaneset, skriv innsendarane. For mange har frustrasjonen toppa seg ved innføring av den ytre bompengeringen i Åsane.

Ørjan Deisz
  • Jørund Vandvik
    Åsane
  • Roy Heggelund
    Åsane

Underteikna er bebuarar i nordre del av Åsane, og har gjennom tiår etter tiår delt folk sin stigande frustrasjon over at ingenting skjer med vegen gjennom bygdene våre.

For mange har frustrasjonen toppa seg ved innføring av den ytre bompengeringen i Åsane, der bygdefolket i Haukås, Breistein, Hylkje og Hordvik må gjennom ringen for å komma til ungdomsskular, kjøpesenter, lege, kyrkje, gravplass, kulturtilbod og idrettsaktivitetar. Folk nord i Åsane er like villige eller uvillige som folk flest til å betala bompengar generelt, men eit minstekrav er at ein sit att med ei kjensle av å få noko igjen for betalinga.

Og så undrar jo folk seg over kvifor akkurat denne delen av Åsane, med Åsanes dårlegaste kollektivtilbod, skal omringast av bomstasjonar? Medan folk elles i Åsane, der busstilbodet er godt, ikkje blir tilsvarande innestengde?

Vittige tunger har kalla området vårt for «Ingenmannsland», landet som ingen veit av eller bryr seg om. Det er nok ei god beskriving av kjensla folk sit med. Nokon tar også i bruk lovlege aksjonsformer – bomstasjonane var dropen som fekk begeret til å renna over.

Les også

Byråkrater vil flytte tre bomstasjoner i Bergen

Etter at Nordhordlandsbrua opna i 1994, har trafikken over fjordstrekket auka frå 7000 bilar i døgnet til nærmare 20.000 bilar pr. døgn. Gjennom Eikåstunnelen, der trafikken dagleg står og stampar, passerer 27.000 bilar. Tungtrafikken utgjer 3500 bilar pr. døgn, blant anna passerer dagleg 30 bilar med 40.000 liter bensin frå Mongstad. (Til samanlikning: Over Bjørnafjorden, der det skal brukast 35 milliardar kroner på ny bru, er døgntrafikken 3200 køyretøy).

På deler av strekninga mellom Haukås og Hylkje er breidda under 6 meter, inklusive dei kvite stripene (me har målt sjølv, tidleg ein søndag morgon). Vegar under 6 meters breidde skal ikkje ha gul midtstripe, ifølgje Statens vegvesen sine eigne retningslinjer. Det finst ingen annan veg i Norge med same trafikkmengd som Steinestøvegen, som er så smal.

Så går det jo også gale: Sidan Nordhordlandsbrua blei bygd i 1994, har 13 menneske omkome på strekninga, ein strekning som ikkje er lenger enn 9 kilometer. Langs vegen ligg karosserirestar og vitnar om dei mange kollisjonane som ikkje når avissidene.

Alle i området kjenner dagleg på frykta når ein sjølv skal inn på vegen frå ein av dei 25 små og store utkøyrslene som ein finn i løpet av tre kilometer, berre eit fåtal av desse utkøyrslene er lysregulerte.

Les også

Protestparti mot bompenger står bak nytt maleri på Listhaug-veggen

Tidstap og frustrasjon over tilhøva er like stor for dei 50.000 innbyggjarane i nordhordlandsområdet som brukar vegen. Nest etter Sotrasambandet er det ingen stader i bergensområdet der folk står meir i kø.

Tunnel forbi området har vore diskutert i minst 30 år, og «Nyborgtunnelen» med innslag i Nyborgområdet låg også inne i tidlegare Nasjonale Transportplan. Ifølgje den skulle tunnelen nå ha stått ferdig. Men det dåverande byrådet i Bergen prioriterte aldri å starta reguleringsarbeidet, og plasseringa av Ikea stansa fysisk mogelegheitene for eit av dei aktuelle tunnelinnslaga. Seinare har også fokuset på å minka biltrafikk gjennom Bergensdalen gjort «Nyborgtunnelen» lite relevant som vegalternativ.

I utkastet til Nasjonal Transportplan som kom i juni 2017, opplever me også at vegstrekket ikkje er omtalt i det heile tatt. Dette blei endra i sluttspurten, og strekninga Vågsbotn til Klauvaneset («Nordhordlandstunnelen») ligg nå inne som ein av strekningane i Ringveg Øst-prosjektet. Planlegginga av prosjektet er i gang, men korkje i Nasjonal Transportplan eller i Statens vegvesen sin handlingsplan er det sett av midlar til strekninga før i 2028, og då ikkje med meir enn 150 millionar (av totalt om lag 5 milliardar for ny tunnel).

Etter dagens planar skal med andre ord innbyggjarar og brukarar av E-39 nord i Åsane leva med ein uhaldbar trafikk- og miljøsituasjon til minimum ein gong midt på 2030-talet!

Les også

Staten vil lukke bompenge- og bybanemøter

Men, det er håp i hengande snøre, og det er etter vår oppfatning dei sentrale politiske partia i Bergen som sit med nøkkelen til håpet: Nasjonal Transportplan legg til grunn at strekninga Vågsbotn til Arna skal byggjast først av delstrekningane på Ringveg Øst, men det er lagt inn opning for at rekkefølgja kan endrast dersom behova er større på andre delstrekningar.

Det er med andre ord opna for at «Nordhordlandstunnelen» kan byggjast som første trinn av Ringveg Øst. I så fall er det sett av midlar til bygging frå og med 2023/2024. For at dette skal skje, er Statens vegvesen avhengig av klare politiske prioriteringar.

Vårt spørsmål til dagens byrådsparti i Bergen med Bergen Ap i spissen, og til opposisjonen med Bergen Høgre i spissen, blir difor:

Vil ditt parti prioritera strekninga Vågsbotn til Klauvaneset som første byggjetrinn av Ringveg Øst?

Det same spørsmålet går til dei sentrale partia i Hordaland Fylkeskommune.

Det er kommune- og fylkestingsval i 2019. Me ventar i spenning på svar frå dykk.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg