Derfor bør Frp sei ja til 10 000 kvoteflyktningar

Norge bør ta imot 10 000 kvoteflyktningar i året så lenge krigen i Syria herjar på. Her er fire grunnar til at Frp bør seie ja.

kvoteflyktningar: Viss ikkje vi tar imot fleire kvoteflyktningar no som det kjem færre asylsøkarar vil det bety at kommunane må bygge ned igjen busettingskapasiteten sin, noko verken kommunane eller norsk flyktningpolitikk er tent med på lengre sikt, skri Emil André Erstad. Arkivfoto: Scanpix

Debattinnlegg

Emil André Erstad
rådgjevar i Tankesmien Agenda og forfattar av boka "Farvel, Syria. Om eit folk på flukt"

Trass i Frp sine ønsker og dårlege intensjonar i flyktning— og asylspørsmål fører dei ein politikk som ikkje er for deira eige poengs beste: Viss dei vil bruke minst mogleg pengar, få mest ut av ressursane vi har for å hjelpe flest mulig samt ta eit ansvar for menneske i naud bør dei legge om både politikken og retorikken.

EMIL ANDRÉ ERSTAD

For det første: Dei mest sårbare flyktningane i nærområdaDiskusjonen om flyktninger bør handle om korleis vi skal hjelpe flyktningane i nærområda, ikkje om vi skal hjelpe dei der. Men også på grunn av dei vanskelege levekåra bør ein del av diskusjonen handle om kva form for beskyttelse vi kan tilby dei mest sårbare flyktningane, dei som ikkje finn tryggleik eller hjelp i Jordan, Libanon eller Tyrkia. FN reknar med at 1 av 10 syriske flyktningar treng gjenbusetting, altså å bli kvoteflyktning i eit trygt tredjeland. Det betyr at kring 450000 syriske flyktningar i nærområda må få kome til trygge land som Norge, Canada, Tyskland og liknande land.

For at landa i nærområda ikkje skal miste kontrollen fullstendig, er vi avhengige av at ganske mange av flyktningane må kome til Norge og andre land. Fleire av nabolanda rundt Syria kan stå i fare for å kollapse. Då kan vi berre ane kva flyktningkatastrofar vi kan vente oss i framtida.

For det andre: Å hjelpe dei med reelt beskyttelsesbehov

Det er kanskje få parti som er meir opptekne enn Frp om å snakke om reelt beskyttelsesbehov. Vi veit at den einaste måten vi kan sikre at dei som kjem hit faktisk er dei mest sårbare flyktningane, er ved å ta imot kvoteflyktningar. Kvoteflyktningane er dei som har færrast ressursar, er mest utsette og som det er minst sannsynlegheit for at klarar å kome seg hit for eiga maskin. Slik asylordninga fungerer i dag veit vi at tusenvis av menneske døyr i forsøket på å nå Europa sjøvegen over Middelhavet, samstundes som mange av dei som reiser denne vegen er blant dei syriske flyktningane som treng hjelpa minst.

Frp-kommuner åpner armene for flyktninger:

Les også

Siv Jensens flyktningboikott slo heller dårlig an

Likevel brukar vi størstedelen av våre ressursar på å hjelpe desse. Men dei som verkeleg har store helseproblem, som er utsett for tortur, som er forfølgd på grunn av trua si eller som tilhøyrer ein trakassert seksuell minoritet – klarar dei å kome seg hit sjølv? Mange av dei gjer ikkje det, og då er kvoteflyktningordninga einaste måten dei kan hjelpast. Sverige tok imot over 160000 asylsøkarar i 2015, men berre 2700 syriske kvoteflyktningar.

For det tredje: Slik kan vi hjelpe fleire

Økonomisk berekraft er eit tema Frp bringer inn i ein kvar flyktningdebatt. Det kostar i snitt 1 million kroner å ta imot ein kvoteflyktning. Det er mykje billegare enn å ta imot ein asylsøkar, fordi prosessen går så mykje raskare enn for kvoteflyktningane. Kvoteflyktningane blir henta ut av nærområdet, kan sette seg på eit fly direkte til Norge og blir busett i ein norsk kommune frå dag éin.

Asylsøkarane må derimot gjennom lange og tidkrevjande prosessar med saksbehandling, asylintervju, mottaksplassar og helsesjekkar. Det er grunn til å tru at denne ventetida kostar mykje, både menneskeleg for asylsøkarane og økonomisk for samfunnet.

For det fjerde: Vi har kapasitet til å hjelpe

Frp har lenge vore opptekne av at kommunane må ha kapasitet til å busette flyktningane. Berre i 2014 og 2015 tok Norge imot 12000 asylsøkarar frå Syria, medan det i same periode kom i underkant av 3000 kvoteflyktningar. Når det i 2016 kjem færre asylsøkarar til Norge frå Syria har det samanheng med innstrammingar i Europas yttergrense-politikk. Men i løpet av fjorhausten når det kom mange asylsøkarar til landet vårt, mange av dei over Storskog, gjorde kommunane ein stor innsats for å gjere fleire bustadar tilgjengelege for flyktningane.

Mest lest-kronikk:

Les også

Rasisme på høylys dag

Det resulterte i at kommunane no kan busette 15000 flyktningar i året, slik at det med andre ord er god plass til 10000 syriske kvoteflyktningar i ei tid der talet på asylsøkarar held seg lågt. Viss ikkje vi tar imot fleire kvoteflyktningar no som det kjem færre asylsøkarar vil det bety at kommunane må bygge ned igjen busettingskapasiteten sin, noko verken kommunane eller norsk flyktningpolitikk er tent med på lengre sikt.

Når vi no ser at tala på asylsøkarar går ned er det tid for at Frp seier ja til fleire kvoteflyktningar.