Noreg sit med nøkkelen til nedlegging av kolfyrte kraftverk i Europa

DEBATT: Korkje vind- eller solkraft kan lagrast. Men det kan vasskraft.

GRØNT SKIFTE: Å satsa på havvind som ein hovudstrategi for det grøne skiftet, har aldri vore drøfta i det store offentlege ordskiftet, skriv Kjell Alvheim. Gorm Kallestad / SCANPIX

Debattinnlegg

Kjell Alvheim

I 2012 meinte dåverande statsminister Jens Stoltenberg at: «Oljen vår vil vare 50–100 år til, og jeg mener vi derfor kan si veldig lite om hva vi skal leve av da. Du kan spekulere og resonnere, men de menneskene som sier noe om dette i dag, de bør du egentlig ikke stole på. De får godt betalt for mye sludder.»

Sju år seinare har partiet hans bestemt seg for at vi skal leva av havvind! Det skal etablerast eit statseigd selskap som lokomotiv for eit nytt industrieventyr. Vi skal ta ei leiarrolle nasjonalt og globalt. Vi skal ta eit endeleg farvel med dagens næringspolitikk, der staten står i bakgrunnen og private i front.

Det skal «iverksettjast offentlege program for teknologioverføring frå petroleumsnæringa til andre, nye næringar med eit langsiktig perspektiv». Alt dette kan vi lesa i eit notat frå Ap, Sp, SV og MPG kalla «Grønn vekst for framtida» og i innlegg i BT 10.07. av Roger Valhammer, Marte Mjøs Persen og Rune Bakervik – alle frå Ap.

Der einskildmenneske med idear, pågangsmot, risikovilje og lånte pengar har skapt fleire hundre tusen verksemder, skal politikarar og konsulentar gjera jobben – no med våre pengar. Utan ansvar og risiko, utan lange dagar og søvnlause netter!

Kjell Alvheim. Bjørn Erik Larsen (arkiv)

I BT skriv Ap at dei alltid har meint at vi skal løysa oppgåver saman. Utan å få folk med seg, får vi ikkje dei løysingane vi treng. Dette er kloke ord. Men folket har ikkje fått vera med!

Dette påtenkte næringspolitiske hamskiftet er planlagt over hovudet på folk. Å satsa på havvind som ein hovudstrategi for det grøne skiftet, har aldri vore drøfta i det store offentlege ordskiftet.

Om ein leitar etter årsaker til den minkande oppslutninga om dei «gamle» etablerte partia, ligg nok mykje av svaret her. Først når folk vert tekne på alvor, vil dei få medeigarskap og ansvar for sluttresultatet.

Les også

Les også: Blått hav, grøn framtid

Skal vi skapa ei grøn framtid, må vi handla globalt. Om vi samlar all merksemd om stans i produksjon av olje og gass i Noreg, får vi ikkje med oss at Kina og India byggjer åtte- ti nye kolfyrte kraftverk kvart år.

Vi ser ikkje at andre land vil erstatta etterspurnaden dersom Noreg stansar olje- og gassproduksjonen. Og vi får ikkje med oss at Noreg sit med nøkkelen til nedlegging av kolfyrte kraftverk i Europa!

Vasskrafta vår er ein sentral energiprodusent. I tillegg kjem vind- og solenergi. Dei to siste produserer berre når det blæs og skin sol. Problemet er at når det blæs i Noreg og Nordsjøen, så blæs det også i Nord-Europa. Om til dømes Tyskland er sjølvforsynt når det blæs, kjøper dei ikkje dyrare vindkraft frå Noreg.

Korkje vind- eller solkraft kan lagrast. Vasskraft kan lagrast. Noreg er størst i Europa på lagra elektrisitet. Større og nyare aggregat, større fallhøgde, auka magasinvolum og eventuelt tilførsel av meir vatn kan gje oss 20 til 30 terawatt-timar årleg, i tillegg til dei 145 TWh vi produserer samla i dag.

I tillegg ligg det eit potensial på opp mot 60 TWh i vassdrag, som i dag er verna. Det er også eit potensial i små vassfall, som bønder eller grunneigarar kan byggja ut.

Solceller kan produsera energi over alt. Bustadhus kan verta sjølvforsynte, og til og med produsera eit overskot som kan seljast. Eg vil tru potensialet er i overkant av 5 TWh.

Til samanlikning er det bygd 35 anlegg med til saman 610 vindturbinar, som kan produsera 5,3 TWh årleg! (MDG vil produsera 100 TWh havvind, det vil seie over 11.000 vindturbinar langs norskekysten).

Les også

Les også: Kraftmisjonen

Eit viktig tiltak for ei grøn framtid vil vera eit samarbeid mellom Noreg og resten av Europa. Vi kan tilby energi når det ikkje blæs eller skin sol, mot at vi får kjøpa rimeleg energi attende når dei har overskot. Kolkrafta kan fasast ut, fordi brukarane har ein leveringsgaranti, og vi kan importera billeg overskotskraft og spara oppdemma vatn.

Årsaka til at vasskraftverka ikkje investerer i auka produksjon, er skattereglane. Medan vindkraft til no er sterkt subsidiert både gjennom elektrisitetsrekninga og skattesetelen, betaler vasskraftselskapa både ordinær skatt og grunnrenteskatt. I tillegg er avskrivingstida på investeringar 67 år (i andre verksemder normalt frå fem til 20 år). «Bygdekraftverka» vert skatta etter dei same reglane dersom dei er bygde for ein produksjon på ti megawatt-timar eller meir.

Auka produksjon av vasskraft kan skje i eksisterande anlegg og transporterast i eksisterande linjenett. Produksjon i bygdekraftverk kan nyttast i nærområdet gjennom avtalar med nettselskapa. Produksjon av solkraft eignar seg for samhandling i bygdelag og bydelar. Vi kan ta heile landet i bruk, i motsetnad til Sp som arbeider for eit stort statleg selskap!

Planane om vindmøller til havs seier lite om marknad og kjøparar, lite om kraftkablar frå møllene og til lands, lite om vanskar for fisket i kabeltraseane, lite om dette går i hop økonomisk utan subsidiar.

Regjeringa har utnemnd eit ekspertutval, som skal vurdera skattlegginga av vasskraftverk.

Innan 1. oktober 2019 får vi deira svar. Kanskje vasskrafta får like vilkår som anna kraftproduksjon? Kanskje Ap, til liks med meg, kjem fram til at Jens Stoltenberg også for sju år sidan tenkte kloke tankar?