Denne jobben let seg ikkje gjere på natta

Orsak Erlend Horn, men du argumenterer for kva som er til foreldra sitt beste, ikkje barna.

DØGNOPNE: Ingen ved sine fulle fem føreslår døgnopne skular, skriv pedagogisk leiar Jøran Tvedt, som også er 3. kandidat i Eidfjord SV. Shutterstock/NTB scanpix

Debattinnlegg

Jøran Tvedt
Pedagogisk leiar/barnehaglærar i Modnen barnehage, Eidfjord.

I debatten i BT om nattopne barnehagar, har byråd Erlend Horn (V) fått ytre påstandar som er heilt feile, men ikkje minst respektlause ovanfor ei stor gruppe profesjonsutøvarar.

Venstre opnar for nattopne barnehagar, les me i BT 8. august. Horn grunngjev framlegget med at foreldre som jobbar i turnusstillingar skal kunne ha eit tilbod på kvelds- og nattetid.

Vidare hevder han at «Hensikten med barnehagen er jo blant annet at foreldre skal kunne være i jobb og bidra til høy sysselsetting»

Aller først, det står ikkje eit ord i barnehagen sin føremålsparagraf om at den er til for å bidra til sysselsetjing. Horn tek rett og slett feil. Det paragrafen derimot seier noko om, er mellom anna at barnehagen skal ta var på bornas behov for omsorg og leik, fremje læring og danning, utfalde skaparglede og grunnleggjande kunnskapar.

Denne jobben er det me som profesjonsutøvarar i barnehagen som er sette til å gjere. Det seier seg sjølv at dette arbeidet ikkje kan gjerast dersom barna søv all den tida dei er i barnehagen. Likevel kunne eg godt tenkje meg å høyre Horn konkretisere korleis han ser for seg at me skal leggja til rette for at barna skal utfalda skaparglede klokka 03 om natta.

Ingen ved sine fulle fem føreslår døgnopne skular. Grunnen er enkel. Grunnskulen er ei pedagogisk verksemd. Det er heilt opplagt at elevane ikkje har noko der å gjere om natta. Skal ein likevel følgje Horn si argumentasjon, burde dei kanskje det.

Barnehagen er og ei pedagogisk verksemd, jamfør lov om barnehage kap.1, §2. Den er ikkje eit pedagogisk tilbod, slik Horn hevdar, men gjennomsyra av pedagogikk.

Bergens handlesenter må gjerne operere med nattope og slike tilbod. Barnehagen kan derimot ikkje gjera det, fordi me er pålagde av lov og rammeverk å planlegge og handle langsiktig i det pedagogiske arbeidet.

Dette er ikkje ein jobb som let seg gjere på natta.

Ingvild Therese Berentsen er inne på det same i BT 11. august. Horn valde å avfeie det med påstanden om at dei tryggaste rammene me kan gje barna, er å hjelpe familien med å få kvardagen til å gå opp.

Orsak Horn, men du argumenterer for kva som er til foreldra sitt beste, ikkje barna.

Nattopne barnehagar kan aldri erstatte tryggleiken heime hjå foreldra. Horn undervurderer sterkt kva denne omsorga har å seie for barnet sin tryggleik og sjølvutvikling, når han hevdar at barnehagen kan tilby same omsorg.

Utanom foreldra veit ingen betre enn me som jobbar i barnehagen, kor tøff kvardagskabalen kan vere å leggje for dei som ikkje har 8 til 16-jobbar, eller besteforeldre å lene seg på. Difor er også få av oss usamde i at desse foreldra treng tilrettelegging av det offentlege for å løyse dei utfordringane.

Personleg trur eg derimot at svaret ligg i endå betre velferds- og permisjonsordningar, ikkje nattopne barnehagar som me «berre kallar noko anna».

At Ola og Kari Nordmann ofte ser på barnehagen meir som ein institusjon for oppbevaring, er greitt. Men me må kunne forvente at landets toppolitikarar preikar om barnehagen med utgangspunkt i at det er ei pedagogisk verksemd, slik lova seier, ikkje berre barnepass som «tilbyr pedagogikk».

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg