Ferjene må framleis vere gratis for passasjerar og fotgjengarar

Ikkje la dei pressa dykk til å gå tilbake på endringane i ferjetakstsystemet!

GRATIS: Autopass-betaling på ferjer skulle gjera det enklare for dei reisande og spara ferjemannskapa for arbeid. Ein betaler berre for bilen, og ein «biverknad» er at ferjeturen ei stund har vore gratis for fotgjengarar og passasjerar. Halvard Alvik / NTB Scanpix

Debattinnlegg

Jarle Henriksen

Eg har lenge lurt på logikken i at eg som fotgjengar eller syklist måtte betala nær halv pris (40 prosent) på ferjene, samanlikna med ein bil – med mine rundt 75 kilo, mot bilen sine tonn.

Ikkje tek eg særleg plass heller, og ikkje skapar eg kø eller forureining, korkje lokalt eller globalt. Men nei, no er det nokon som har funne ut at det nye Autopass-systemet på ferjene går ut over dei som sit åleine i bilane sine, og som dermed ikkje får «rabatten» dei meiner dei har krav på. I Rogaland og Møre og Romsdal vil dei igjen krevja betaling frå passasjerane.

Men når ein betaler med Autopass, betaler ein det same som før for turen, så lenge ein har med ein passasjer i bilen. Eller endå betre: Med to eller tre til i bilen vert det billegare enn før («kompiskøyring»).

Les også

Bakgrunn: Dette må du vite om Autopass på ferger

Ei lita pressgruppe får altså politikarane frå Høyre og Frp til å reversera eit framtidsretta billettsystem som stimulerer til meir fornuftige og miljøvenlege transportmåtar, som det å sykle, ta buss/bane eller kompiskøyra.

Skjerp dykk og ta inn over dykkar dei miljøproblema som privatbilismen skapar. Pengesterke bilistar vil helst tilbake til ei tid då privatbilen alltid hadde forkøyrsrett. Ikkje la dei pressa dykk til å gå tilbake på endringane i ferjetakstsystemet!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg