Skal du ikkje stemma ved kyrkjevalet?

«En seier for de konservative kreftene i KrF», er noko eg ikkje kjenner meg igjen i.

VIKTIG ENDRING: Endringa som no er kome i kyrkjelova, er svært viktig. Det er ikkje lenger staten som avgjer når og kvar Den norske kyrkja sine val skal gjennomførast, men kyrkja sjølv, skriv Sæbjørg Hageberg Kjeka, leder for Hordaland KrF Kvinner. Gorm Kallestad / NTB scanpix

Sæbjørg Hageberg Kjeka
Leder Hordaland KrF Kvinner

Ved dei siste kommune- og fylkestingsvala har eg kjent på at eg var annleis. Grunnen er at eg ikkje er medlem av Den norske kyrkja. Dei som er medlemer der, har nemleg blitt oppfordra til å stemma ved to ulike val.

Eg og har fått spørsmål om eg ikkje skulle stemma til kyrkjevalet, men eg har måtta svara at eg ikkje kan det, sidan eg ikkje er medlem. Når overskrifta i BTs artikkel om den nye kyrkjelova er «En seier for de konservative kreftene i KrF», kjenner eg meg ikkje igjen i dette. Derimot tenkjer eg at det er ein siger for alle som ønskjer eit samfunn der ulikskap vert verdsett og gitt rom for, anten det er Open folkekyrkje, KrF eller andre.

For dei fleste politiske parti er det eit mål at ingen skal oppleva at dei vert diskriminert eller på andre område vert sett utanfor. Då ser eg ingen grunn til at det på valdagen skal vera annleis.

Trusfridom er eit viktig prinsipp i den norske grunnlova (§ 16), sjølv om Kongen jf. § 4 i prinsippet ikkje har trusfridom så lenge han er konge. Han må vedkjenna seg til den evangelisk-lutherske religionen. Vi andre har valfridom, og difor er nokre nordmenn medlemer i Human-Etisk Forbund, andre er muslimar eller medlemer i eit kyrkjesamfunn utanfor Den norske kyrkja.

Faktisk er det også mange som ikkje er medlem i noko trus- eller livssynssamfunn. Det også er heilt greitt, for det er trus- og livssynsfridom i Noreg. Derfor er den endringa som no er kome i kyrkjelova, svært viktig. Det er ikkje lenger staten som avgjer når og kvar Den norske kyrkja sine val skal gjennomførast, men kyrkja sjølv.

Eg håpar dei brukar sjansen sin til å ta tilbake eigarskapet over kyrkjevalet, eller sagt på ein annan måte: At dei vel å gje oss alle ein valdag der vi står side om side, uansett kva vi trur eller meiner om religiøse spørsmål.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg