Trym Aafløy på bomtur

DEBATT: Bompengeaksjonistane kan framleis ete burgaren sin i fred, der dei køyrer rundt på jakt etter gratis kinoparkering.

I STAMPE: Trym Aafløy (biletet bommar på løysinga. For gir bystyret gratis kinobillettar til borgarane i byen, står trafikken i stampe før kvar filmvisning, skriv innsendaren. Foto: Nima Taheri

  • Bård Magnus Fauske
    Landskapsarkitekt MNLA, byplanleggjar
Publisert:

Folkeaksjonen mot meir bompengar stiller eit godt spørsmål: Kor mange byter frå personbil til bane eller kollektiv? Eg ringde min tidlegare kollega, samferdslesjef i fylkeskommunen, Håkon Rasmussen. Den fem år gamle reisevaneundersøkinga syner ei klår endring av reisevanar i retning av færre bilistar og fleire kollektivpassasjerar, sa han. Han ventar nye tal i løpet av året.

Men løysinga bommar Trym Aafløy på. For gir bystyret gratis kinobillettar til borgarane i byen, står trafikken i stampe før kvar filmvisning.

Så la meg forklare: Bilisten Silje Marie Bauge seier i ein artikkel i BT at ho vil byggje nye vegar dersom vi skal ha bompengar. No blir det uansett så dyrt at ho held seg heime i staden for ein bytur. Og der råkar ho ved kjernen i saka.

Nokre av bompengane Bauge betaler, går til bybane, gang- og sykkelveg. Dei nye borgarane buset seg nemleg der bilistane ikkje skulle tru at nokon kunne bu. Derifrå reiser dei på anna vis, og vi treng færre nye vegar. Over tid held det biltrafikken på det jamne. Slik betaler bilistane eigentleg for å halde vegane for seg sjølv.

Og der treff folkeaksjonen hardt. For vi kan planleggje for ei større endring der fleire faktisk byter frå bil til kollektive reisemiddel. Det krev derimot drastisk regulering. Då må vi kanskje velje metro framfor bybane. Dessutan må Aafløy og Bauge finne seg i å kravle over på ein sykkel eller ta seg fram til fots.

No kan aksjonistane framleis ete burgaren sin i fred, der dei køyrer rundt på jakt etter gratis kinoparkering.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg