Maksgrense løyser ikkje språkproblem

Barna treng tid på å utvikle det norske språket. Det kan ei maksgrense av minoritetsspråklege barn i barnehagane gjere lite med.

IKKJE BEKYMRA: Er det grunnlag for å vere bekymra for norskutviklinga i barnehagar med høg andel minoritetsspråklege? Nei, meiner forskarane som skriv kronikken. Scanpix

Debattinnlegg

  • Ann-Kristin H. Gujord
  • Magnhild Selås

Bystyret skal i desse dagar diskutere eit prøveprosjekt med ei maksgrense for kor mange minoritetsspråklege barn det skal vere i kvar barnehage/avdeling. Minoritetsspråklege barn får ikkje plass i nærbarnehagen sin dersom andelen i denne barnehagen er over 70 prosent.

Ved innføringa av prøveprosjektet i 2015 var språkmiljøet i barnehagar med høg andel minoritetsspråklege trekt fram som eit viktig argument. Dåverande skulebyråd Jana Midelfart Hoff uttrykte fleire gonger bekymring for den norskspråklege utviklinga til minoritetsbarna i slike barnehagar. Ho hevda at ei maksgrense var nødvendig for at barna skulle lære seg norsk i barnehagen.

Men er det grunnlag for å vere bekymra for norskutviklinga i barnehagar med høg andel minoritetsspråklege? Vi har saman med fleire kollegaer undersøkt språkutviklinga til minoritetsspråklege barn som lærer norsk som sitt andrespråk, i nettopp slike barnehagar som prøveprosjektet siktar mot.

I to og et halvt år har vi følgt med på den norskspråklege utviklinga til fleire barn på ei avdeling med opp mot 100 prosent minoritetsspråklege. Basert på funna vi gjer­ og på faglitteraturen om fleirspråkleg utvikling hos barn, meiner vi at politikarane ikkje har grunnlag for å bruke omsynet til barnas språkutvikling som argument for å innføra eit maksgrense på andel minoritetsspråklege barn.

Les også

Morten Myksvoll: «Når målet er dårleg, er det ikkje nødvendigvis eit gode å treffe det»

Barna vi har undersøkt, utviklar det norske språket sitt i løpet av den tida vi har observert dei. Det er heilt tydeleg at barnehagen blir oppfatta som ein norskspråkleg arena: Vi kan ikkje observere at barna snakkar saman og leikar saman på anna språk enn norsk. Det gjeld til og med barn som har same morsmål, og som veit godt at dei har eit felles språk som ikkje er norsk.

I barnehagen er det altså norsk som gjeld. Slik fungerer barnehagen som ein stad der dei minoritetsspråklege barna får mykje verdifull kontakt med norsk.

Samstundes vil ein del av språket dei møter ha innlærar-trekk ved seg. Barna som ikkje har norsk som sitt morsmål, vil ha trekk i det norske språket sitt som vi vil oppfatte som feil. Det er naturleg å tenkje at det kanskje ikkje er heldig for språkmiljøet. Men hos barna vi observerer, kan vi ikkje finne spor av at det norske språket deira etablerer seg som eit slags pidgin­språk, ein slags forenkla variant av norsk. Tvert om veks det fram kompliserte mønster i språket til barna, og hos somme kan vi observere stor framgang på kort tid.

Vi veit jo at majoritetsspråklege barn på småbarnsavdelingar heller ikkje snakkar med same grammatikk og uttale som vaksne norskspråklege. Likevel veks språket fram i all sin kompleksitet. Barn er utstyrte med ein formidabel evne til å lære morsmålet sitt, ja, endå til fleire samstundes. Saka er berre at andrespråksutvikling ikkje går like fort og like rett fram som utviklinga av morsmålet.

Vi vil ikkje underkommunisere utfordringa med å lære norsk også for barn som startar norskinnlæringa i barnehagealder. Mange av dei minoritetsspråklege barna vi observerer, ligg litt etter sine majoritetsspråklege jamaldringar, som har hatt meir tid på seg i norsklæringa. Det skuldast ikkje at leikekameratane deira også lærer norsk som andrespråk, det er ein refleks av at dei er nettopp andrespråksinnlærarar: Dei treng tid på å utvikle det norske språket. Det kan ei maksgrense gjere lite med.

Det er heilt avgjerande at barnehagebarna som lærer norsk som andrespråk, får hjelp til å ta att forspranget til jamaldringane som har norsk som morsmål. Aller helst bør dei innhente dette forspranget før skulestart.

Språkmiljøet i barnehagen kan hjelpe til med dette. Faglitteraturen viser oss at språket til dei vaksne er svært viktig for den språklege utviklinga til barnet. Vaksne som er klare over den viktige jobben dei gjer, som nyttar alle små og store høve til samtalar om det barna er opptatt av, som syng, les høgt og leiker både ute og inne, er heilt sentrale språklege førebilete for alle som skal lære norsk.

Barnehagar med over 90 prosent minoritetsspråklege er eit uttrykk for at innvandrarbefolkninga er busett berre i visse område i kommunen. Det er heilt klart uheldig og noko politikarane sjølvsagt må prøve å gjere noko med.

Innføring av maksgrense for minoritetsspråklege i barnehagane i desse områda vil ikkje kunne endre på busetnadsmønsteret. Det er det heilt andre tiltak som kan. Tiltak som ikkje berre fører til at somme foreldre får ein vanskelegare kvardag fordi dei ikkje får lov å ha barnet sitt i nærmaste barnehage, og som dessutan også kan vere diskriminerande.

Les også

Mislyktes med plan for norskspråklige barn

Å endre busetjingsmønsteret krev tiltak som gjer at dei som innvandra til kommunen, faktisk kan bu andre stader. I forhold til barnehagen bør ein heller satse på å auke kunnskapen om språkutvikling og språklæring i barnehagane, eller syte for tilstrekkeleg bemanning i barnehagen. Då ville ein fått nok personale som er kvalifisert til å drive solid og fagleg grunngitt språkarbeid i barnehagen, og som har ei stor verktøykasse å hente språklege verktøy i – til dømes barnebøker.

Det er bra med politikarar som er opptekne av språkmiljø i barnehagen. Og det er veldig bra med politikarar som forstår at det ikkje berre er å plassere minoritetsspråklege barn i ein norsk barnehage, og så skjer resten av seg sjølv. Også små barn som lærer eit andrespråk i veldig tidleg alder, treng ekstra støtte.

Men vi kan ikkje sjå at ei maksgrense på talet på minoritetsspråklege barn i barnehagen er eit godt tiltak for å fremje den norskspråklege utviklinga til desse barna. Bekymring for den norskspråklege utviklinga til barna i barnehagar med høg andel minoritetsspråklege er ikkje kunnskapsbasert. Dersom politikarane er oppriktig bekymra for norsken til desse barna, er det heilt andre tiltak dei bør innføre.