Eg er ikkje viktigare enn andre, men ...
Kor lenge skal eg gå i store T-skjorter og vente på operasjon?
- Mari Nord MelåsLeikanger

I januar 2017 fekk eg den tunge beskjeden om at kulen i brystet, som eg sjølv oppdaga ein kveld eg stod i dusjen, var kreft. Nokre månader seinare fjerna eg brystet og fekk implantat.
Ein månad etter det fekk eg infeksjon og måtte fjerna det. Greitt tenkte eg, det kunne vore så mykje verre.
Året etterpå fjerna eg det andre brystet også, og eg hadde ein lang operasjon på over 7,5 timar for å bygge opp igjen begge sider, av mitt eige feitt.
Det var smertefullt å vakna, kroppen var mørbanka og morfinen gjorde til at eg kasta opp ei heil veke.
Det er ikkje synd i meg, tenkte eg. Mange som har det mykje verre.
Det gjekk berre seks månader etter den store operasjonen, då eg stod i dusjen, på akkurat same måte som førre gong, og oppdaga det på nytt. Ein kul.
På akkurat same side og nesten same området. Eg skvatt, og døden kom nærare, den banka på døra og heldt den litt på gløtt. Det kunne ikkje vera mogeleg, tenkte eg. Eg hadde jo fjerna alt.
Mogeleg var det. Helvete starta igjen. Nye operasjonar, nye område på kroppen vart skjært vekk. Eg var nomen. Redd. Kvalm. Sliten.
Eg blei frisk for andre gong. Gleda eg kjente på, er ikkje mogleg å skildre. Eg skulle vera her på denne jorda med sonen min som betyr så mykje. Eg skulle få gå turane mine til Bjørgahaug, plukka opp treningsshortsar og sokkar som flaut på badet, køyre bil medan eg syng for full hals og le med gode vener.
Ny operasjon stod for tur, nummer seks i rekka. Eg skulle endeleg få bli lik på begge sider av overkroppen. Vart lagt i narkose og var klar for å endeleg kle meg meir feminint. Kanskje store, vide T-skjorter vart historie.
Skuffelsen var stor då det ikkje vart slik. Eg fekk beskjed om at eg skulle ha ein operasjon til. Dette var tilbake i 2020.
Saka er den at eg ventar framleis. Eg går i store klede på overkroppen som regel. Eg har ikkje den feminine stilen eg så gjerne kunne tenkt meg å ha av og til. Eg er lei av det. Eg er for ung til å ikkje kunne føle meg litt fin. Eg er «berre» 37 år, men eg har hatt det slik sidan eg var 31.
Kreftlegen min seier: «Du er ikkje viktigare enn andre.» Det er greitt, eg har forståing for det, men eg føler meg gløymt. Det er berre kosmetisk det handlar om, då er eg ikkje viktig, men kva med sjølvbilete mitt? Når skal eg få det tilbake?
Kan Haukeland sjukehus svare meg på det?