Kollektivtilbod er transportpolitikk, ikkje språkpolitikk

Ein kan like eller mislike det, men i Bergen bestiller dei fleste taxi, dei tingar ikkje.

VEDTAK: Årsaka til at Hordaland er eit nynorskfylke, er ikkje at det er det, men at fylkestinget har vedteke at det er det, skriv stortingsrepresentant Tom-Christer Nilsen, som var fylkesordførar i Hordaland 2011–2015. Odd E. Nerbø

Tom-Christer Nilsen
Stortingsrepresentant (H)

Etter at Hordaland fylkesting trakk attende eit vedtak om at marknadsføring og opplysning om kollektivtilbod kunne nytte den målforma som var mest vanleg der tilbodet var, har det brote ut sterk debatt. Og det med rette.

Eg vil nytte høvet til å minne om kva årsaka til det førre vedtaket var: Kollektivtilbod er først og fremst miljøpolitikk og transportpolitikk, ikkje språkpolitikk. Difor var det viktig å kommunisere på ei målform og på eit vis som flest mogeleg av brukarane kjende seg att i, og potensielle nye brukarar forstod.

Vi er vel kjende med, og debatten syner det på ny: Nynorsk er ei barriere mot å nå fram til fleirtalet av bergensarar. Ein kan like eller mislike det, men i Bergen bestiller dei fleste taxi, dei tingar ikkje.

For å få høgast mogeleg kollektivbruk, har det difor vore fornuftig ikkje å halde seg til ein tenkt situasjon, men til ein verkeleg situasjon. Den verkelege situasjonen er at mange i Bergen legg informasjon og reklame bort om den er på nynorsk.

Men kvifor skal ein eigentleg insistere på å nytte nynorsk i ein kommune som har ei sterk overvekt av bokmålsbrukarar? I eit innlegg i BT seier ein SV-politikar at det er fordi Hordaland er eit nynorskfylke.

Ja, det er mange nynorskbrukarar i Hordaland, men det er eit klårt fleirtal av bokmålsbrukarar. Det er det sjølv om ein reknar (slik offisiell statistikk er) alle som nyttar båe målformer som nynorskbrukarar og ikkje bokmålsbrukarar.

Eg skriv 90 prosent på bokmål, 10 prosent på nynorsk. I statistikken er eg då nynorskbrukar. Årsaka til at Hordaland er eit nynorskfylke, er ikkje at det er det, men at fylkestinget har vedteke at det er det.

Nok om statistikken, tilbake til logikken. Det er eit fleirtal i Hordaland som vel å kalle seg bokmålsbrukarar. Det er eit endå større fleirtal i Bergen. Kvifor skal ein då tvinge gjennom ein særskilt målform? Er dette kanskje ein stad der ein skal nytte sunn fornuft og praktisk tilpassing, i staden for å ri språkpolitiske kjepphestar og rein formalisme som å seie «Hordaland er eit nynorskfylke»? Fornuftig bruk av båe målformer endrar jo ikkje eit fnugg på det.

Er det ikkje viktigare med informasjon som er lettast mogeleg å forstå for dei fleste av dei som skal ha han, enn å tvinge på dei informasjon dei har vanskelegare for å ta i mot? Og lat oss ikkje kimse av dei frustrasjonane folk har i høve dette. Dei kan føre til lågare kollektivbruk.

Til sist, både til motstandarar og tilhengjarar. Nynorsk er ikkje eit språk. Bokmål er ikkje eit språk. Norsk er språket, nynorsk og bokmål er jamstilte målformer.

Det er underleg for ein bokmålsbrukar i ein kommune dominert av bokmål, at ruteopplysningar skal vere tilgjengeleg på nynorsk og engelsk, men ikkje på bokmål. Med andre ord på to målformer eg ikkje nyttar dagleg. For bokmål er visst farleg, det.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg