Bergen bør bli først med plan for immaterielle kulturminne

Det bør vera i kulturminneplanen at Bergen både skal ha eit profesjonelt miljø og ei frivillig rørsle med høg kompetanse innan munnleg historie.

Publisert: Publisert:

FØRST I LANDET: Bergen offentlege bibliotek er det første biblioteket i landet som etablerte eit intervjustudio som alle innbyggjarar kan bruka. Foto: Odd Mehus

Debattinnlegg

Bjørn Enes
Leiar av Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie

Arbeidet med ny kulturminneplan for Bergen er så vidt starta opp. I utgangspunktet er kulturminne det same som bygningar, landbruksmiljø og ein og annan båt. Vel og bra og viktig!

Men for dei fleste av oss er ikkje minner av tre eller stein eller stål. Det er noko me går rundt med inni hovudet.

I godt lag deler me dei av og til. Når ordet går rundt bordet og den eine forteljinga tek den andre – og me ser Dampen koma sigande ut or skodda og høyrer gamlelæraren tala om Fedrelandet og svenskesuppa som veltar ut over golvet av trykket frå eksplosjonen på Vågen, då er me til stade i ein av dei magiske timane då minner er blitt til kultur.

GAMLE DAMPEN: Minna og forteljingane om Dampen finst enno. Biletet er av DS «Fusa», som gjekk i rute mellom Bergen, Os, Samnanger, Fusa og Tysnes. Foto: Bergens Sjøfartsmuseum

I tusen år måtte det vera slik at minnekultur måtte innskrenkast til noko me festa til bygningar, landbruksmiljø eller gamle båtar, for forteljingane vart borte med forteljarane. Somme skreiv, rett nok, om eigne minne eller ting dei gamle hadde fortalt. Men ei attforteljing på papir er ikkje det same som den opphavlege forteljinga. Det er ein annan sjanger. Papirforteljingar veltar ikkje kaffikoppar, og dei dirrar ikkje i munnvikane.

I tusen år vart forteljingane borte når forteljaren døydde.

Men slik er det ikkje lenger. Slik treng det i alle fall ikkje vera. For no går alle rundt med ein opptakar i lomma.

Det er viktig å ta vare på fysiske kulturminne. Me vart ein fattigsleg by, om me ikkje hadde spor av levde liv og forgagne tider rundt oss. Immaterielle kulturminne kan aldri erstatta dei materielle.

Men tenk på kor mykje liv dei kunne ha tilført den gamle kyrkja eller brygga etter båtsalongen, om nokre av dei munnlege minna som høyrer saman med dei, også kunne ha vore der! Om det sto ein monitor der, kor den eine forteljinga tok den andre. Eller det fanst eit biletgalleri, der kvart bilete var starten på ein ny forteljar si samling.

Munnleg historie (oral history) er grunnstoffet i alle kulturminne. Det er forteljingane som gjer bygningane interessante. Høyrer ikkje då den munnlege historia også heime i ein kulturminneplan?

Les også

Adina Lange ligger begravet under snøen. Fingrene er det eneste hun kan bevege. Hun skriker.

Bergen har – kan i alle fall utvikla – det faglege tyngdepunktet for munnleg historie i Noreg. Me har eit vitskapsmiljø med tradisjonar eldre enn universitetet sjølv innan folkeminne og kulturvitskap, med nokre av landets fremste intellektuelle på dette feltet. På Memoarkonferansen nyleg viste professor Stig Tenold kor verdfulle det munnlege kjeldematerialet som Sjøfartsmuseet har samla inn, er for arbeidet med vestlandsk sjøfartshistorie. Mange av dei andre muséa har og lang erfaring frå arbeid med munnlege kjelder.

Me har hovudkontoret til den første norske frivillige organisasjonen med hovudfokus på munnleg historie. Og Bergen offentlege bibliotek er det første biblioteket i landet som etablerte eit intervjustudio som alle innbyggjarar kan bruka. Skulle ikkje dette også ha relevans for den nye kulturminneplanen?

På sakslista nett no står sjølve planprosessen. Kva må Byantikvaren tenkja inn i planverket for å sikra at det vert utvikla ein god ny kulturminneplan?

Her er mine forslag:

  • Ho må bestemma seg for at immaterielle kulturminne også høyrer heime i ein moderne kulturminneplan.
  • Ho må oppmoda kulturinstitusjonane – akademia, musé, bibliotek og arkiv – og den frivillige historierørsla til å styrkja samarbeidet om utvikling og synleggjering av kompetanse, organisasjon og infrastruktur som må til for å samla og ta vare på munnleg historie (i.e. lyd og videoopptak av forteljingar om levd liv).
  • Ho bør peika på det problemet at det i dag ikkje finst finansieringsordningar for innsamling, arkivering eller formidling av munnleg historie, verken lokalt eller nasjonalt. Dette gjer både profesjonelt og frivillig arbeid på dette feltet vanskeleg.
  • Og endeleg bør ho ta initiativ til eit forprosjekt som kan laga ei første liste over immaterielle og munnlege kulturminne i Bergen.
Les også

Fra hun var 16 til hun ble 23 skrev Else-Marie Muri dagbok om livet sitt i Bergen. Hun beskriver oppturer og nedturer. Påskeferier og gutter. Og en verdenskrig.

Eg har hinta om tre slike munnlege kulturminne som eg er sikker på høyrer heime på den lista: Dampen, gamlelæraren og eksplosjonen på Vågen. For dei – som for resten av lista over munnlege kulturminne – bør det lagast innsamlingsprosjekt der lek og lærd vert intervjua.

Sjøfolka om bord i Dampen, til dømes. Handelsfolka og postopnarane som tok imot. Passasjerane. Folket som samla seg på brygga lenge før Dampen var venta. Bergensfruene og borna deira undervegs til «på Landet». Reiarane og kontordamene deira. Emmisærane og dei handelsreisande. Kelneren på skjenkestova i Vågsbotnen. Det er ikkje lenger sidan enn at dei alle kan intervjuast enno.

HISTORIER: Det finst utruleg mange historier frå eksplosjonen i Vågen 20. april 1944. Foto: NTBS KRIGSARKIV

Skulehistoria på same vis. Ingenting er meir felles i Noreg enn forteljingane om dei gamle lærarane. Og av eigen erfaring veit eg kor utruleg mange forteljingar som enno lever om det som hende den 20. april 1944, då alle vindauge i Bergen vart knuste av trykkbølgja frå Vågen.

Ein del av Kulturminneplanen bør etter mitt syn vera å utstyra biblioteka med intervjustudio og Byarkivet med ressursar til å bygga eit digitalt arkiv av byens munnlege kulturminne. Og det bør vera i planen at Bergen både skal ha eit profesjonelt miljø og ei frivillig rørsle med høg kompetanse innan munnleg historie.

11 år etter at Noreg ratifiserte Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv, har – så vidt eg veit – ingen norske kommunar teke dette med i nokon kulturminneplan. No bør Bergen bli den første!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg