Slik kan vi få fart på bygdene

DEBATT: Små, oversiktlege bygdesamfunn eignar seg godt til levande laboratorium.

REDUSERTE KOSTNADER: På Nordfjordeid utvikla lokale aktørar løysingar for fjordvarme som energikjelde. Drivkrafta var reduserte driftskostnader, skriv innsendaren. Foto: Gerd Fløde Bjørlo (arkiv)

  • Lars Hustveit
    Fagkoordinator næringsutvikling i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Deltek i EU-prosjektet «Smart Eco-Social Villages»
Publisert:

Vi veit ikkje kva teknologiar som er vinnarar om 10–15 år. Smarte byar skaper interesse, men kva med smarte bygder?

Det går føre seg ein fagleg og politisk debatt på europeisk nivå om «smart villages». Eg deltek i arbeidet og observerer stort gjennomslag for retorikken «nedanfrå og opp». Smarte bygder må utviklast nedanfrå. I tillegg må styresmaktene ta ansvar.

Ein mogeleg strategi for bygdene er å delta i utprøving av løysingar. Utgangspunktet må vere å ta tak i drivarane som endrar samfunnet for å finne løysingar i samsvar med folk sine ønske om «korleis vi vil ha det». Kva mogelegheiter gir 3D-printing for distribuert produksjon? Kva betyr endra teknologi for desentraliserte energisystem? Og det klassiske: Korleis bruke digitalisering for å redusere avstand som ulempe for bygdene?

Les også

Bygg boliger på cruiseskipskaiene

Risikoen for bygdene er at dei blir med på utprøving av løysingar som raskt vert utmanøvrerte ved at betre teknologi vinn fram. Den risikoen må samfunnet ta. Små, oversiktlege samfunn eignar seg godt til levande laboratorium. Dei må byggjast på at teknologileverandørar møter folk med respekt som borgarar med interesse av å forme framtida si, og ikkje berre som potensielle kundar.

På Nordfjordeid utvikla lokale aktørar løysingar for fjordvarme som energikjelde. Drivkrafta var reduserte driftskostnader. I Sogn og Fjordane har vi lukkast i å byggje ut fiber i distriktssamfunn, og vi er i landstoppen i dekningsgrad. I begge døma er nøkkelen at bygdefolk ser nytteverdien av eigeninnsats, og at offentlege og private aktørar evnar å organisere eit samarbeid som kompenserer for marknadssvikt.

Smarte bygder treng ny innsikt og mengder av fantasi for å henge med i utvikling av tenester, og for å bidra til miljøløysingar. Dette får vi best til når folkeleg engasjement vert kopla til entreprenørskap bygd på topp ekspertise. Kommunale og fylkeskommunale budsjett må få meir utviklingsmidlar slik at det er auka rom for eksperimentering.

Les også

På tide med ei utstrekt hand frå Sogn og Fjordane

Demokrati kostar. Framandgjering med påfølgjande manglande medverknad kostar mykje meir. Det trengst innsats for at bygdene heng med på eigne premissar i endringane som kjem. Det trengst politisk innsats «ovanfrå» godt kopla til innsats «nedanfrå og opp».

Ein passiv bygdepolitikk betyr å leggje seg på ryggen og la innbyggjarane velje frå menyen til dei store teknologiselskapa. Vi veit lite om korleis og i kva omfang regional økonomi vert tappa. Teknologi er ikkje ei politisk nøytral kraft. Blir Amazon- eller Google-modellar endå meir dominerande, så kan framtidsbygdene kanskje bli «smarte» i form av tilgang til tenester, men tappa for regionale økonomiske musklar.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!