Den ulven du fôrar, vinn

Den egoistiske, sjølvopptekne og arrogante ulven er i ferd med å få overtaket.

EGOISME: Det er dei politiske kreftene som er sinte, truande, misunnelege, arrogante, sjølvopptekne, overlegne, full av løgn og egoisme som for tida vert fôra. skriv Aud Karin Oen. Foto: Privat

  • Aud Karin Oen
    Gruppeleiar SV, Hordaland fylkesting
Publisert:

Ein gammal mann sat og snakka med barnebarnet sitt. Han sa:
I alle menneske sitt hjarta er det to ulvar som slåst. Den eine er vond. Den er sint, truande, misunneleg, sorgtung, arrogant, sjølvoppteken, overlegen, full av løgn og egoisme.
Den andre er god. Den er glede, fred, kjærleik, leik, ro, audmjukskap, velvilje, empati og tillit.

Kva ulv vinn? spurte barnet
Den du fôrar, sa den gamle mannen.

Slik er det med politikken og. Det er dei politiske kreftene som er sinte, truande, misunnelege, arrogante, sjølvopptekne, overlegne, full av løgn og egoisme som for tida vert fôra. Fôra med at velferdsstaten er truga av desse med anna hudfarge og religion, ja, dei er attpåtil farlege. Derfor sender me dei attende til krig og naud, eller til gata i Paris. Om det trengst, brukar staten væpna politimakt for å henta sovande familiar frå kyrkjeasyl.

Me må slutta å fôra denne ulven.

Det er mange ulvar som vert fôra jamleg av høgresida. Profittulven til dømes. Den hentar pengar frå vanlege folk si lommebok, frå barnehageborn, frå hardt arbeidande kvinner sin pensjon og arbeidsvilkår, frå polske arbeidarar på Sekkingstad som ikkje lengre er lønsame med norske tariffavtalar, og frå gamle på sjukeheimen. Dei hentar den til skatteparadis og til ein økonomisk elite med sugerøyr ned i velferdskassa vår. Derfor skal me ta kampen for heile, faste stillingar og mot lausarbeidarsamfunnet. Me skal kjempa for omsorg, ikkje butikk.

Mistillitsulven vert fôra jamt og trutt med at arbeidsmenneske må kontrollerast og målstyrast. Jo fleire skjema og stoppeklokker, jo betre. Den prøver og å få vanlege arbeidsmenneske til å la vera å seia frå når noko er hakkande gale i skule, barnehage, sjukehus, politi og barnevern. Dersom ikkje dei som jobbar der skal få ytra seg fritt, har mistillit og knebleulven vunne.

Forskjellsulven er forkledd i skatteletteham, han fortel at dei fattige vert motiverte av mindre pengar og dei rike av meir. Men dei fattige borna vel ikkje foreldra sine, og derfor må me styrkja barnetrygda.

Det er ein ulv til eg må nemna, det er bagatelliseringsulven. Han fortel kvinner at det ikkje er noko å ta på veg for om du får obskøne SMS-ar, av maktmenn på hyttetur eller vert seksuelt trakassert. Det er no berre slikt menn alltid har vore, og litt må ein tola. Det er ei fornærming mot dei fleste menn og eit rått maktmisbruk mot alle kvinner.

Den egoistiske, sjølvopptekne og arrogante ulven er i ferd med å få overtaket. Det er berre solidaritet, audmjuke og tillit som kan stoppa den. Det er oss, det. For om ikkje me gjer det, gjer ingen det. Derfor må me kvar einaste dag kjempa for at denne ulven vert driven attende. Me må tenna eit stort bål som lyser opp i natta og held dei unna. Me skal fyra bålet med glede, fred, kjærleik, leik, ro, audmjukskap, velvilje, empati og tillit.

For dei jagar i flokk og prøver skilja ut dei svakaste for å setja dei opp mot einannan. Det er derfor me må syna høgrekreftene at me står saman, at me har reidskapene, viljen og kreftene. Og at me tek kampen for dei mange, ikkje for dei få.