2022 – eit år for kjærleik?

Det er ikkje sikkert, men eg gler meg til å finne ut av det.

Med denne teksten tok Gunhild Haustveit tredjeplassen i BTs skrivekonkurranse «2022».
  • Gunhild Haustveit
    Bergen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Lesernes beste tekster om det nye året

I løpet av julen publiserer vi noen av bidragene til BTs skrivekonkurranse.

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Takk 2021, takk for koronatiltak og kjærleikssorg. Eg er glad du snart er over. Eg ynskjer 2022 velkomen!

Som mange andre så har eg blitt singel i løpet av «disse koronatider». Å slå opp syg, men det opnar jo opp for å møte ein ny. Så kanskje eg møter ein mann i 2022. Kanskje det blir året eg forelskar meg for siste gong?

1,4 millionar nordmenn er single, så det er jo mange fisk i havet. Eller som me seier i oppdrettsnæringa: «Det er mange fisk i merden.» Det må jo finnast ein der ute som vil ha meg. Eg har ikkje så høge krav, altså, eg kjenner min eigen marknadsverdi.

Det viktigaste er jo å finne ein som er einig med meg om kor Bybanen til Åsane skal gå. Elles så vil eg gjerne ha ein som kan massere skuldrer, og som kjøper favorittchipsen min når eg har bursdag.

Les også

Psykolog: Det er faktisk helt greit å være singel

2022 skremmer meg litt då. Det er eit år der eg ikkje har nokon planar. Alle planane mine involverte jo han. Kor skal eg feire nyttårsaftan no? Og kva med 17. mai? (Eg fiskar etter invitasjonar, altså.) Og er det eigentleg noko vits i å kjøpe leilegheit om eg berre blir buande der aleine?

Men eg er og skikkeleg spent på neste år. Det er så mange mogelegheiter! Eg kan gjere alt eg vil, eg har ingenting som holder meg tilbake (bortsett frå jobb, vennar, familie og draumar)!

Det er så rart å bli singel etter eit langt forhold. Ein ting er at mange menneske ikkje lenger skal vera ein del av livet mitt – familie, vennar og naboar av eksen min.

Men det verste er kanskje at eg må byrje å betale for Netflix og Spotify sjølv. Eller Spotify free går jo an, då, eg får høyre på musikk, berre ikkje den eg helst vil høyre på. Vanleg TV er vel eit greitt alternativ til Netflix, eller kanskje eg skal tenke litt nytt. Eg kan jo abonnere på HBO, Amazon Prime, Viaplay, Youtube red eller Disney plus i staden.

Å utforme ein Tinder-profil er ikke så enkelt som ein skulle tru, skriv Gunhild Haustveit.

Så var det den tinderprofilen, då. Eg må jo på Tinder om eg skal møte ein ny mann. Det er nyttårsforsettet mitt, å få laga den helsikes tinderprofilen. Problemet er at alle dei fine bileta eg har av meg sjølv, er det ein viss annan person med på.

Så var det den bioen, då. Kva skriv ein eigentleg i ein Tinder-bio? Eg kan skrive om utdanninga mi: «Eg byrja å studere kjemi i håp om å få betre kjemi med menn, men så lærte eg berre om molekyl og slikt». Eller kanskje noko anna.

Hobbyar? Eg kan jo berre sitere «Dancing Queen» av Abba, problemet der er berre at eg ikkje er 17 år lenger. Men bioen er ikkje det viktigaste. Eg skal dømme ein haug med menn på utsjånad åleine, og dei skal dømme meg tilbake.

Les også

Psykolog Frode Thuen: Monogame forhold er langt mer stabile en åpne forhold

Det finst kanskje betre plassar å møte menn enn Tinder, men det tar lang tid, det. Eg er 26 år gammal, liksom. Hadde eg levd for 100 år sidan, hadde eg sikkert hatt fire born allereie. Hadde eg levd for 100 år sidan, hadde eg vel blitt gifta vekk til odelsguten på nabogarden då eg var 18 år. Eg trur kjærleik var litt enklare på den tida. Veldig praktisk i alle fall.

Men altså, eg har trua på 2022. Eg trur det blir eit bra år, men det kan vera eg er altfor optimistisk. Det er ikkje sikkert det blir året for kjærleik.

Det kan gjerne bli året for knuste hjarter, øydelagde venskap, one night stands og kjønnssjukdommar. Men eg gler meg til å finne ut av det.

Publisert: