Ikkje særleg imponerande om rovdyr

Sauehaldar fortel om si oppleving med jerv.

jerv.jpg

  • Reidar Furelid
    sauehaldar i Nordhordland
Publisert:

BT har ein leiar torsdag den 28. januar 2016 med overskrifta «Rom for rovdyr». Det er ei meiningsytring som vi må registrera som eit partsinnlegg. Ikkje særleg imponerande med tanke på fagleg basis. Det hjelper lite å syna til professor emeritus Harald Kryvi, eller Norsk institutt for naturforsking.

Her nøyer eg meg med å syna til ei erfaring som sauehaldar, og utsett for kva jerven kan stå for. Sidan tidleg på 1970-talet har eg årleg hatt kring 100 sauer og lam i Stølsheimen, og i 2002 fekk vi besøk av jerv. Jervane starta tidleg i juli i indre Sogn, og rovdyra sin aktivitet spreidde seg derfrå vestover heilt til Masfjorden.

Godt lest på debatt:

Les også

- Når du seier at noko er gale med Ole, stolar eg på deg. Eg sender de til Haukeland, sa legen.

Vi merka etter kvart utpå sommaren at sauene i betydeleg grad vart skjerre og vanskelege å koma nære. I Vassdalen like ovanfor Solrenningshytta (DNT) vart det så funne eit lam, og ikkje så langt derfrå eitt til. Jerven plasserer lam han drep i myr eller ur. Truleg skal han kosa seg med restane i ettertid. Etter jervedrap er det få lam ein finn sidan han gøymer dei.

I hylla attmed skrivepulten har eg enno merket med nummer 2016. Det er frå eitt av dei kring eitt hundre (100!) lamma som vart jervedrepne frå beitelaget vårt det året. Folk frå Statens naturoppsyn slo straks fast ved synet av lam nr. 2016: Her har jerven vore!

Godt lest på debatt:

Les også

Snakket om topping gjør meg uroleg

Vanleg lammetap frå min flokk var i åra før eit eller to per år. Det vart ei papirmølle av ein annan verda etter det året for oss, då det skulle søkjast om erstatning. Det enda opp for min part med ei erstatning på kring 7000 kr (meir og mindre symbolsk betaling) for 10 rovdyrdrepne lam.

Fleire av morsdyra var øydelagde som morsdyr. Å missa lam midt i ein god mjølkeperiode, er ganske tøft for mora. Og det var fleire av desse som kom heim med steinharde jur. Såleis var det ikkje berre lammetap det var eit slag erstatning for, men adskillige morsdyr som måtte ut etter den sesongen. Og desse hadde hatt store lidingar undervegs.

For min del har eg stor glede i å vandra i fjella om sommaren. Ser etter dyra. Legg salt i saltautomatane. Snakkar med dyra, og hyller dei med litt brødskalk eller liknande. Eg greier ikkje leggja vekk opplevingane frå sommaren 2002. Dei spøkjer i bakhovudet.

Gryttens oppgjer med «smykkelova»:

Les også

«Vi kjem til å ta klokka di og pengane dine, vi kjem til å ta gifteringen din»

Jau, normalt går nok dei fleste lamma til slakt. Og vert til spekelår og pinnekjøt. Slik er røyndommen. Men når ein viss professor sa i eit debatthøve: «Mennesket» (her: bøndene) «er den verste lammedreparen», må ein berre spørja etter debattnivået. Her som ofte elles i livet gjeld det nok: Det er viljen (til å forstå) som det gjelder. Viljen frigjer eller feller.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg