Rett til å velje ein blant to?

Staten må ikkje leggje opp til ein ny praksis der vi tillèt selektiv tvillingabort av friske fostre.

Publisert:

Å VELJE: Tvillingabort av friskt foster har ikkje vore ein etablert praksis til no i Norge. Retten til å velje vekk eit friskt tvillingsfoster er ikkje omtala i abortlova, skriv Kjersti Toppe. Foto: NTB SCANPIX

Debattinnlegg

Kjersti Toppe
Helsepolitisk talsperson og stortingsrepresentant (Sp)

Helse— og omsorgsdepartementet vil tillate tvillingabort av friske fostre. I dag er det teknisk mogeleg å avslutte eitt av fleire samtidige svangerskaps i mors liv ved såkalla fosterreduksjon. Å avslutte eitt av fleire fostre var ikkje mogeleg den gongen då abortlova vart innført, og abort lova seier heller ingen ting om dette. Helse- og omsorgsdepartementet har tidlegare konkludert med at abortlova berre opnar for fosterreduksjon dersom det er stor fare for alvorleg sjukdom hos fosteret, jf. rundskriv I-42/2001. Men i ei ny lovfortolking som vart kjent førre veke, slår justisdepartementet fast at dette også gjeld friske fostre.

Bergensordføreren har trillinger:

Les også

Bergens nye førstemamma

Helse— og omsorgsminister Bent Høie (H) stiller seg bak dette. Han ber no dei regionale helseføretaka informere både abortnemnder og helseføretaka om denne nye tolkinga av abortlova. Det blir gjort utan at saka har vore til politisk behandling. Ved fosterreduksjon skal legen som utfører inngrepet, velje ut det eller dei lettaste tilgjengelege fosteret/fostra. Det skal ikkje kunne selekterast på kjønn. Risikoen for at foster som igjen spontanaborterast på grunn av inngrepet, er på ca. 15 prosent. Det er ikkje påvist nokon medisinsk gevinst ved å redusere tvillingsvangerskap til singelsvangerskap.

Barn nummer tre ble barn nummer tre, fire og fem:

Les også

Camilla (25) er fembarnsmor

Mange meiner kanskje , som Arbeidarpartiet, at når ein har lovfesta kvinners rett til sjølvbestemt abort i Norge, er det ikkje noko skilje på dette og ein singelabort. Nokon argumenterer med at det trass alt må vere betre at kvinner får mogelegheit til å ta abort på eitt foster, enn begge. Alle parti, utanom KrF og Senterpartiet, ser ut til å slutte seg til Høie. Kvinners rett må vege tyngst.

Men er dette saka ? Og kvifor skal Stortinget ikkje ta stilling? Tvillingabort av friskt foster har ikkje vore ein etablert praksis til no i Norge. Retten til å velje vekk eit friskt tvillingsfoster er ikkje omtala i abortlova. Korleis kan ein då argumentere med at dette er å innskrenke kvinners rettar? Rettar ein aldri har hatt? Saka er så etisk krevjande at ein ikkje berre skal lytte til juristane i departementet si lovavdeling. Vi bør og lytte til dei medisinske fagmiljøa.

Firlinger fra Loddefjord:

Les også

Fire om alt

I dag er det Rikshospitalet og St. Olavs Hospital som utfører fosterreduksjon. Det er kompliserte inngrep. Overlege Birgitte Heiberg Kahrs ved Nasjonalt senter for fostermedisin på St. Olavs Hospital meiner at fosterreduksjon berre bør utførast om det eine fosteret viser utviklingsavvik.

Ho uttalte dette til NRK 18/2-16: «Det er alltid problematisk å måtte utføre inngrep som vi ikkje meiner er fagleg grunngav. Det er forskjell på å ta vanleg abort og ei fosterreduksjon. Vi er her for å hjelpe pasientane våre. Det er årsaka til at vi ikkje ynskjer å utsette kvinna for risiko. Nå kan vi ende i ei situasjon der juristane seier at vi skal det».

Viseadministrerande direktør ved Oslo Universitetssykehus, Terje Rootwelt, uttalte i den same artikkelen at dei ikkje har noko ønske om at abort av friskt tvillingfoster skal bli vanleg rutine i Norge. Han viser og til at abortrisikoen for det andre barnet aukar.

At ein påfører det andre fosteret ein ikkje ubetydeleg helserisiko, gjer at dette ikkje kan samanliknast med ein singelabort. At ein vel ut eitt foster som skal leve vidare, utfordrar prinsippet om at abort skal ikkje gjerast ut frå eigenskapar ved fosteret. Her er det eigenskapen tvilling som er grunnen. Og korleis velje? Er det rett å velje? Korleis lever ein med det vidare? Det er og ein reell sjanse for at ein slik ny praksis i Norge vil skape større press på tvillingforeldre, når dei og alle veit at ein kan «sleppe» å bere fram alle.

Kvinner som ønskjer tvillingabort meiner å klare å bere fram og fostre eit barn. Dette viser den store skilnaden til singelabort, der kvinna ikkje ser dette som mogeleg. Kvart år er det nærare 1000 fleirlingfødslar i Norge. Desse familiane har særlige omsorgsutfordringar som krev særlige tiltak. Det er stat og kommune si oppgåve å syte før at tvilling— og fleirlingeforeldre får betre hjelp og støtteordningar enn det dei opplever i dag.

Staten må ikkje leggje opp til ein ny praksis der vi tillèt selektiv tvillingabort av friske fostre. Då går vi opp eit trappetrinn. Om juristane meiner fosterreduksjon av friske fostre er i tråd med abortlova, sjølv om lova faktisk ikkje omhandlar dette, må lova presiserast. Saka om tvillingabort som del av retten til fri abort, er så etisk krevjande at den ikkje kan avgjerast av juristar i departementet. Saka må lyftast for den lovgivande forsamling i Stortinget. Slik kan vi og få ein reell høyringsprosess, der og dei medisinske fagmiljøa blir involvert.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg