Gryttens oppgjer med «smykkelova»

Opp med ei hand om du lurer på noko! Rekk opp ei hand, så kan vi få konfiskert den òg.

DIKT OM DANSK ASYLPOLITIKK: Frode Grytten skriv om «smykkelova», som inneber at dansk politi kan kverrsetje kostbare gjenstandar og pengesummar på over 10.000 kroner. Pengane går til å betale for opphaldet til asylsøkjarar. Rune Nielsen

Frode Grytten
Forfatter

til orientering

vi kjem til å ta klokka di

og pengane dine

vi kjem til å ta gifteringen din

og smykket du har rundt halsen

med mindre du kjem opp med

ei aldeles tåredryppande historie

så vil vi konfiskere

øyredobbane dine og mobilen din

og datamaskina di

det er i aller beste meining

vi vil konfiskere sekken på ryggen din

og kofferten i handa di og hatten din på snei

og gåstolen din og kona di

så skal vi konfiskere gullet i plombane dine

og den frakken din som ser svindyr ut

vi kjem til å konfiskere

fiolinen din og saksofonen din

du må også bidra

sjølv om du kjem frå ingenting og har ingenting

og så kjem vi til å konfiskere

dagen din og natta di

fortida di og framtida di

minnene dine vil bli konfiskert

fotoalbum og kosebamsar vil bli konfiskert

håpet ditt og gleda di vil bli konfiskert

du vil få alt igjen om du drar herfrå friviljug

men vi må dessverre konfiskere

språket ditt og songane dine

og himmelen over deg

og havet under deg

blått skal konfiskerast

og raudt skal konfiskerast

og grønt og gult skal konfiskerast

(svart og kvitt kan du framleis ha)

så kjem vi til å konfiskere guden din

han er farlig for oss

det veit du vel

og gps-en din skal konfiskerast

og stjernene du seglar etter

båten din, vegen din, bøneropa dine

og du har kanskje tenkt:

«eg skal gå til eit trygt land,

eg skal gå over grensa til fred»

den tanken er no offisielt konfiskert

til slutt konfiskerer vi deg

vi tar huda di og håret ditt

og munnen din og kjønnsorgana dine

vi tar den eine lunga di

og begge nyrene dine

vi tar auga dine og alt du ser

og alt du føler med hjartet ditt

hjartet ditt er forresten konfiskert

her og no

vi tar beina dine

og dit du har tenkt å gå

og når du står der naken i tjue minus

vonar vi at du forstår at vi gjør dette

til ditt eige beste og fordi vi vil deg vel

velkomen hit

spørsmål?

opp med ei hand

om du lurer på noko!

rekk opp ei hand

så kan vi få konfiskert den òg

Herkan du høre Frode Grytten lese diktet på NRK.

Les også:

Frode Grytten:

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg