Kvifor stemmer så mange på Høyre og Frp?

Handlar det om mangel på kunnskap eller om egoisme?

Publisert Publisert

KLIMA: La oss håpe at venstresida kan dytte den blå regjeringa i riktig retning, slik at vi alle kan få det betre og ikkje berre dei som allereie har alt, skriv jordmor, Eline Sira. Foto: Marita Aarekol

Debattinnlegg

  • Eline Sira
    Jordmor
  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Når Erna Solberg seier i takketalen sin at det no blir ei ikkje-sosialistisk regjering knyter det seg i magen min. Tygg litt på dei orda, ikkje-sosialistisk.

Eg har vakse opp i ein sosialistisk og miljøbevisst familie og for meg er det eit utelukkande positivt ord.

Sosialisme handlar for meg om at vi ser lengre enn vår eiga nase, at vi er bevisste på at menneske i både inn- og utland har ulike ressursar. Og at «vi» som eit fellesskap kan hjelpe slik at «alle» kan få ein betre kvardag for seg sjølv og barna sine. Det handlar om kva skattepengane våre går til, og det handlar om miljøet på den skjøre planeten vi bur på. Vi må ta vare både på menneska og planeten. Utan planeten har vi jo heller ikkje nokon menneske å tenkje på.

Utan noko bakgrunn i politikken elles stiller eg meg undrande til at vi har så mange i Noreg som meiner at Høyre og Frp ligg nærast sitt hjarte. Handlar det om mangel på kunnskap eller egoisme? Kanskje begge deler.

Les også

Tror du det er mange på flukt nå – vent og se

Det er ikkje slik at det berre er rike og dei med høg utdanning som stemmer på desse partia, kanskje tvert i mot. Ifølgje SSB er det lågt utdanna som gjerne stemmer Frp – det er jo trass alt eit «parti for folk flest». Dei lovar ting som er enkelt for folk flest å forstå, fordi det handlar om dei. Lågare skatt vil bety meir på min konto, mindre bompengar vil bety meir på min konto. Ei krone der, ei krone her. For kva skjer om ein plutseleg står utan jobb, eller blir sjuk, eller får barn som blir sjuke? Dei kronene ein har spart på skattekutt vil ikkje hjelpe deg når privatisering av helsetenester regjerer og du i utgangspunktet har ein lågt lønna jobb. Eller ein har ei arbeidsmiljølov som ikkje held med arbeidstakar, men med arbeidsgivar. Dette er til hjelp først og fremst for dei rike, ikkje folk flest.

Frp og Høyre vil samtidig halde grensene inn til det ressurssterke landet vårt relativt stengt for menneske i nød. Men, kva då med klimaflyktningane? Nansen-initiativet har rekna ut at 22,5 millionar menneske årleg måtte flytte grunna vær- og klimarelaterte farar mellom 2008 og 2014. Til samanlikning er talet på politiske og sosiale flyktningar 43 millionar. Så om ein er så redd for desse flyktningane og deira såkalla trugsel mot norske verdiar, bør kanskje den blå regjeringa tenkje litt meir på miljøet vårt i staden for å opne nye oljefelt og byggje motorvegar. Fordi menneske og miljø går hand i hand.

Les også

Morgendagens flyktninger

Eg har trua på at vi som eit fellesskap og utan skylappar på kan hjelpe både menneske og planeten vår. Men vi må begynne no, for vi har ingen tid å miste. La oss håpe at venstresida kan dytte den blå regjeringa i riktig retning, slik at vi alle kan få det betre og ikkje berre dei som allereie har alt.

For kva hjelper vel ein haug med pengar og private løysingar når vi verken har menneske eller ein planet å bu på?

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg