Handelsstanden forsøplar det norske språket

No er det «Sale» i Bergen.

Publisert Publisert

SKRIV NORSK: Nils Mæhle undrar seg over kvifor det ikkje er mogeleg å halde seg til norsk skriftspråk. Foto: Andrey Cherepanov / Shutterstock / Scanpix (illustrasjonsfoto)

Debattinnlegg

  • Nils Mæhle
    Åsane
  1. Leserne mener

Eg bur i Åsane og er ofte på Horisont. Her er det mange butikkar, og no i salstider strålar ordet «sale» mot meg overalt. Dette gjeld også Bergen og landet elles. Dette er ei forsøpling av det norske språket.

Spørsmålet er kven som har ansvaret. Er det den einskilde butikken, kjeda, det internasjonale konsernet, og i Åsane, Horisont?

Eg har ofte lurt på korleis handelsstanden generelt (til dømes i Bergen) tenkjer omkring dette spørsmålet. Og i Bergen, kva med Bergen Næringsråd? Eg er sikker på at organisasjonen har drøfta saka meir uformelt.

Spørsmålet mitt er om rådet vil behandla saka meir formelt, slik at Bergen Næringsråd kan visa at dei legg vekt på å vareta norsk språk. Dette vil i tilfelle vera eit viktig signal til medlemene.

Og kva med Stortinget, som har det overordna ansvaret for det norske språket? Politikarane sit overraskande roleg og ser på at engelsk overtek for norsk i butikkbransjen, næringslivet generelt og akademia.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg