Raudt støttar Ukraina sin motstandskamp

Vi har aldri bede dei legge ned våpena sine, og vi har aldri gått inn for våpenembargo.

Den krigen som no rasar, er det Putins Russland som eine og åleine er ansvarleg for, skriv Mailiss Solheim-Åkerblom.
  • Mailiss Solheim-Åkerblom
    Gruppeleiar for Rødt Bergen.
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I snart eit år har Ukraina kjempa ein tapper motstandskamp. Den kampen har Raudt støtta sidan fyrste dag. Ja, faktisk like lenge som vi har fordømt Putin sin folkerettsstridige angrepskrig.

Benjamin Jakobsen (Ap) ser ut til å ha misforstått kva Raudt faktisk meiner. Han påstår i BT 18. januar at «Likevel står sterke krefter i Rødt fast på at Norge ikke bør støtte ukrainerne som kjemper for sin frihet».

Raudt har heile vegen vore klare på at vi støtter motstandskampen til Ukraina. Vi har aldri bede dei legge ned våpena sine, og vi har aldri gått inn for våpenembargo.

Les også

Innlegget som besvares: «Usolidarisk og naivt av Rødt på Debatten»

Eit sentralt spørsmål for partiet har vore om Noreg kan spele ei anna rolle som legg til rette for fredsforhandlingar. Difor er Raudt sitt standpunkt i dag at Noreg ikkje skal sende våpen. Det er i tråd med ein seksti år lang tradisjon om å ikkje sende våpen til område i krig, ikkje berre i vårt parti, men for Noreg.

Den krigen som no rasar, er det Putins Russland som eine og åleine er ansvarleg for. Jakobsen prøver å framstille det som at Raudt meiner noko anna: «Partiet later framleis til å tro at Ukraina sjølv er skyld i invasjonen». Sanninga er at Raudt frå starten har kravd at Putin må stillast til ansvar.

Vi har føreslått at Noreg skal skrive ut ein internasjonal arrestordre, og få han straffa for krigen. Vi har føreslått at regjeringa skal svekke russisk kampmoral ved å gi vern til russiske desertørar. Vi meiner også at den humanitære hjelpa til Ukraina må aukast, og vi har gått inn for å sende såkalla B-materiell (skotsikre vestar, hjelmar og liknande).

Og så er det ingen løyndom at det finst ulike meiningar i partiet om det er riktig å fortsette og stå på våpen-nei. Det er ei legitim usemje og ein viktig debatt partiet skal ta fram mot Landsmøtet i april. Fram til då vonar eg ordskiftet blir halde på eit anstendig nivå.

Til sist: La det ikkje vere noko tvil, Raudt står samla når vi seier at vi fordømmer Russland sin folkerettsstridige angrepskrig mot Ukraina. Ukraina er i sin fulle rett til å forsvare seg, og Raudt støttar denne motstandskampen!

Publisert: