Sosialdemokratiet har gløymt dei som treng det mest

Mamma er helten min. Ho har alltid stått på og fått til det ho vil.

Mamma ønskte å arbeida, sjølv om kroppen sa nei. Dette gjeld nok langt på veg dei fleste uføre, skriv Vetle Nordgård Mikkelsen om mora Marion Anita Nordgård.
  • Vetle Nordgård Mikkelsen
    Laksevåg
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Mamma hadde på det meste sju ungar i huset, fem eigne og to bonusbarn. Samtidig jobba ho og tok lærarutdanning.

Då ho var ferdig utdanna, arbeidde ho ei årrekke som lærar, og heime hadde ho hendene fulle som mamma og husmor. Mamma var òg aktiv i frivillig arbeid: alt frå kakebaking til organisasjonsarbeid og politiske appellar.

Takken var at kroppen sa stopp.

Den gongen sleit legane med å finna ut akkurat kva som hadde skjedd, men ho blei etter kvart ufør. Yrkesstoltheita og lengselen etter klasserommet var der likevel enno.

Ho ønskte å arbeida, sjølv om kroppen sa nei. Dette gjeld nok langt på veg dei fleste uføre, sjølv om myten om den late uføre blir halden i live av politikarar på begge sider av høgre-venstre-aksen.

Les også

Disse matvarene har blitt dyrere

I forfjor fekk mamma endeleg prøva seg i klasserommet igjen, til hennar store glede. Men det er no eingong slik at det faktisk er ein grunn til at folk blir uføre. Helsa sa nei, sjølv om hjartet sa ja. I dag er mamma ufør igjen, sjølv om ho aller helst vil arbeida.

Vetle Nordgård Mikkelsen meiner det er skammeleg korleis vi behandlar dei som har minst.

Mamma har merka prisaukane det siste året godt, både når det gjeld straum og dei mange basisvarene ein treng i kvardagen, men mamma var òg husmor med dårleg råd på 90-talet. Ho veit å få kvar krone til å telja. Ho lid førebels ikkje nokon overlast.

Om fire år blir mamma 67. Akkurat no tener ho 66 prosent av det ho tente som lærar. Ho betaler full skatt og full trygdeavgift på denne inntekta, men tener ikkje opp nokon pensjonspoeng. Som pensjonist vil ho gå ned ytterlegare 33 prosent i inntekt.

Ein kan vera så flink ein vil til å snu kvar krone, men myntar har no eingong berre to sider.

Les også

Regjeringen har tipunktsplan for bedre utvalg og lavere priser i matbutikken

Mamma klarer seg. Det har ho alltid gjort. Ho vil ikkje at nokon skal synast synd på ho, og i alle fall ikkje at ungane hennar skal gjera det. Det er mødrene som skal ta vare på barna, seier ho, ikkje omvendt.

Mamma bruker tid og krefter på å løfta politiske saker ho brenn for, deriblant saka til dei uføre. Det er mange uføre som har mindre å rutta med enn mamma. Og viss mamma, strukturerte og økonomisk fornuftige mamma, tel kvar krone, kva gjer då dei som ikkje har fleire kroner å telja?

Svaret er nok at dei går svoltne til sengs, i eit av verdas rikaste land.

Les også

Vilde og Fredrik brukte alle pengene på oppussingsobjektet. Så begynte rentene å stige.

Dette innlegget handlar ikkje om at det er synd på mamma. Det synest ho ikkje sjølv eingong. Men det er mange som mamma rundt om i dette landet: folk som har gitt alt, både for samfunnet og dei rundt seg, til dei ikkje kunne gi meir.

Mange av dei vil så gjerne gi meir. At dei ikkje lenger kan jobba, er ei av dei store sorgene i liva deira. Takken for innsatsen er at dei får gå gjennom eit system som mistenkeleggjer dei ved kvar ein sving, berre for å sikra seg eit minimum av inntekt.

Måten vi behandlar dei som har minst her i landet på, er skammeleg. Tiltaksløysa til dei folkevalde i møte med stadig stigande levekostnadar er skammeleg. Noko er rote i staten Noreg.

Sosialdemokratiet har gløymt dei som treng det mest.

Publisert: