Vern om dei verna vassdraga

Vår turisme er basert på naturopplevingar, og er i sterk vekst.

Publisert:

KRAFTUTBYGGING: I Raundalsvassdraget på Voss føreligg det planar om kraftutbygging. Foto: Helge Sunde

Debattinnlegg

Alliansen for vern om dei verna vassdraga

Tre vassdrag på Vestlandet står no i fare for å mista statusen som verna vassdrag: Opovassdraget i Odda, Raundalsvassdraget på Voss og Flåmsvassdraget i Aurland, Hol og Ulvik. I desse tre vassdraga føreligg det planar om kraftutbygging. Til hastebehandling i Stortinget ligg det eit forslag om større kraftutbygging i Opovassdraget. Saka skal drøftast allereie 7. desember.

Saka er prinsipiell og gjeld sjølve grunngjevinga for Verneplan for vassdrag: å ta vare på eit represenativt utsnitt av norsk vassdragsnatur som skal vera fri for kraftutbygging. Difor er Stortinget si handsaming av Opovassdraget ei merkesak. Dette er første saka der Stortinget skal ta stilling til konsesjonshandsaming av ei større kraftutbygging i verna vassdrag. Dersom Stortinget svarar ja på dette spørsmålet, så overlèt dei saka til energimyndigheitene og regjeringa. Utfallet av saka vil skape presedens for framtida til andre verna vassdrag.

Vi er ikkje imot å trygga hus og heim. Vi har stor respekt for dei som vart hardt råka av haustflaumen 2014. Vi ønskjer difor flaumsikring innanfor rammene til verneplanen for vassdrag velkomen. Derimot ønskjer vi ikkje større kraftutbygging i verna vassdrag. Det er ikkje rett å hastehandsame forslag om kraftutbygging i verna vassdrag med omsyn til elsertifikatordninga eller auka kraftproduksjon. Det har aldri vore meininga at vassdraga i Verneplanen for vassdrag skulle bidra til auka kraftproduksjon eller til å oppfylla måla i elsertifikatordninga. Vi etterspør difor ein grundig prosess – fri for hastverk – i tråd med det Stortinget gav uttrykk for i samband med energimeldinga.

Då Stortinget handsama energimeldinga var alle parti einige om: 1. det er viktig å bruka naturen sin eigen flaumdempande kapasitet. 2. Større kraftutbygging i verna vassdrag må leggjast fram for Stortinget, og kun vurderast i dei tilfelle der andre flaumdempande tiltak er utprøvd, liv og helse står på spel og verneverdiane ikkje vert påverka nemneverdig. I saka om Opovassdraget har korkje Regjering eller Storting hatt tid til å venta på moglegheitsstudia for flaumsikring. Energi- og miljøkomiteen konkluderer den same dagen som utgreiingsselskapet Multiconsult legg fram sitt oversyn over moglege flaumtiltak med kostnader. Vi meiner Stortinget burde tatt seg tid til ein grundig prosess i ei så viktig sak. Stortinget må ta ansvar for samfunnstryggleiken og nytta statlege midlar til flaumsikring innanfor rammene til verneplanen for vassdrag.

Det meste av det ville vatnet vårt er allereie omdanna til kraft. Det er ikkje demningane og kraftstasjonane på Vestlandet som trekkjer ein million turistar til denne regionen – det er den ville naturen som tiltrekkjer. Vassdraga er ikkje berre for turistnæringa, den er ein del av identitet vår. Ein gong snudde kraftutbygging opp ned på bygdene våre. Aurlandsutbygginga satte Aurland på kartet. Industrisamfunnet Odda var tufta på kraft. Samstundes vart det klart i 1960 at det var behov for å tenkja langsiktig og heilskapleg om kva vassdragsarv vi skulle overlate urørt til komande generasjonar. Det skulle gå over ti år med dragkamp, før vi i 1973 fekk den første Verneplanen for vassdrag.

Vi er kome til eit tidsskille. I dag er det viktigare enn nokon gong å verna om naturen. Vår turisme og friluftslivet er basert på naturopplevingar og er i sterk vekst. Skal ein kunne utvikle arbeidsplasser i bygdene er den ville naturen avgjerande for Vestlandet som besøksmål i no- og i framtid.

På vegne av «Alliansen for vern om dei verna vassdraga»:

Bjørn Vike og Tone Rønning Vike, 292 Aurland

Petter Andresen, Vatnahalsen Høyfjellshotell, Flåm

Anders og Sue Fretheim, Turistvertar, Flåm

Kristin Ryum, Flåm

Harald Skjerdal, Aurland

Vidar og Maryanne Tokvam, Raundalen, Voss

Anne Jorunn Ryum, Voss

Toril Hunnålvatn, dagleg leiar, Voss Utferdslag

Richard Jacobsen, styreleiar, Voss Utferdslag

Silje Paulsen Skorve, Voss Kajakk Klubb

Ole Kr. Skorve, Voss Jeger- og Fiskarlag

Sofie Torlei Olsen, dagleg leiar Ekstremsportveko

Sven Olaf Brekke, Odda Jakt og Fiskelag

Johan Henrik Lindbo, Vestlending og friluftsmann

Per Roger Lauritzen

Nils Faarlund

Øystein Dahle

Ron Overdevest, leiar, naturvernutvalet, Sogn og Fjordane Turlag

Helene Ødven, dagleg leiar, Bergen og Hordaland Turlag

Tore Johan Smidt, styreleiar, Bergen og Hordaland Turlag

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg