Helsevesenets farlege tidsklemme

Eg er heilt sikker på at pappa hadde vore i live i dag, hadde han fått behalde den tidlegare fastlegen sin.

«Mitt mål er ikkje å peike ut syndebukkar, det er systemet eg vil til livs», skriv Linn Astrid Blix Torget.
  • Linn Astrid Blix Torget
    Dotter
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

22. mars 2021 døydde far min, Øyvind Torget, 63 år gammal. På dagen eitt år seinare har statsforvaltaren i hans heimfylke slått fast at kravet til fagleg forsvarleg helsehjelp blei brote, og i tillegg har Norsk pasientskadeerstatning tilkjent erstatning.

Samla peiker desse to instansane på fleire kritikkverdige punkt i pappa sine møte med helsevesenet dei siste to månadane av hans liv. Etter mitt syn er det ein raud tråd gjennom det heile: mangel på tid og ei ikkje-fungerande fastlegeordning.

Pappa døydde som følgje av eit magesår han aldri skulle hatt. Den korte versjonen er at han blødde i hel, fordi ingen i helsevesenet hadde tatt seg tid til å sjå heilskapen, eller gje han og hans pårørande tilstrekkeleg og korrekt informasjon.

I løpet av to månader var pappa innom helsesenter, legevakt og to sjukehus. Eg er sikker på at fagfolka han møtte i denne perioden var kunnskapsrike og gode menneske. Dessverre hjelp det ikkje med all verdas kompetanse når ein har eit system som ikkje gjev tid og rom til å utøve denne, til å praktisere god og heilskapleg medisin og formidle livsviktig informasjon.

Øyvind Torget døydde berre 63 år gammal, etter å ha vore i kontakt med og innlagt ved ei rekkje helseinstitusjonar.

Det var ikkje tid til å vurdere om medikamentet som gav han magesår burde vore unngått; ikkje tid til å finne årsaka til magesmertene (urinvegsinfeksjon, blei det sagt ved første sjukehusopphald); ikkje tid til å informere pasienten og hans pårørande om funnet av eit stort og djupt magesår nært ei pulsåre (eit lite magesår som ikkje lengre blør, sa dei); ikkje tid til å orientere om kor livsviktig det var å ta syrenøytraliserande medisin i etterkant (det er sendt resept på antibiotika, var beskjeden ved utskriving); ikkje tid til å undersøke ein mann som ringer legevakta med smerter kort tid etter eit alvorleg sjukehusopphald.

Ikkje eingong på apoteket går det som det skal. Dei leverer berre ut ein av tre reseptar, og ikkje den viktigaste. Heilt til slutt rann tida ut for pappa: Sjølv om ambulansepersonalet gjorde alt dei kunne, klarte ikkje hjartet hans meir, og han døydde i ambulansen.

Det er min påstand at pappa blei både feilbehandla, feildiagnostisert og feilinformert. Han opplevde til slutt å bli korrekt greia ut og tatt godt vare på, men dessverre blei han altså utskriven frå siste sjukehusopphald utan å få informasjon om kor alvorleg tilstanden hans var, kva medisinar han måtte ta i etterkant og korleis det heile skulle følgjast opp.

Pappa og mamma etterspurde meir informasjon fleire gonger i løpet av desse vekene, men fekk anten ikkje svar eller beskjed om at alt var fint.

Og kor mykje skal ein eigentleg måtte mase for å få hjelp? Når han etter nokre dagar heime fekk vondt igjen, var beskjeden frå legevakta, over telefon, at det var heilt normalt, berre ta ein Paracet og sov. Det var dessverre verken normalt eller ufarleg.

Les også

Hvor blir det av forbedringen som ble lovet da vår mor døde?

Ei anna side av saka er ansvaret. Kven har eigentleg det overordna ansvaret for pasienten? I pappa sitt tilfelle ser det ut til å ha smuldra opp mellom alle instansar.

Om lag tre år før han døydde, mista pappa fastlegen han hadde hatt i over femten år. Denne legen, som dessverre måtte gje seg i yrket, kjende heile familien godt og kunne pappa si sjukehistorie framlengs og baklengs. Pappa hadde første time hos ny fast fastlege veka etter han blei gravlagd.

Korleis fekk vi eit system som gjer at ein må gå tre år utan tryggleiken av å ha ein fastlege som er din, og som har nok tid til deg?

Ein studie frå tidlegare i år viser at pasientar som har hatt den same fastlegen i meir enn 15 år, har 25 prosent lågare risiko for å døy og 28 prosent lågare risiko for akutt sjukehusinnlegging enn pasientar som berre har hatt same fastlege i eitt år.

Eg er heilt sikker på at pappa hadde vore i live i dag, hadde han fått behalde den tidlegare fastlegen sin, eller i det minste raskt fått ein ny fastlege som kunne gje ordentleg oppfølging over lang tid.

Legane eg har snakka med i etterkant, har vore til stor hjelp i det å nøste opp i saka, for me skjønte jo ikkje korleis ein mann med eit lite magesår plutseleg kunne døy på timen. Dei er einige med oss i at dødsfallet etter all sannsyn kunne vore unngått.

Mitt mål er ikkje å peike ut syndebukkar, det er systemet eg vil til livs. Kva helseføretak dette gjeld, er ikkje relevant, fordi eg meiner saka er større enn ei bygd, ein tettstad, ein region: Det er eit problem over heile helselinja.

Les også

Berit Kvalheim (74) oppsøkte legevakta to gongar før ho døydde. Trass klare teikn på alvorleg sjukdom, blei ho ikkje innlagt.

Så kva er løysinga? Det må i det minste ryddast ordentleg opp i fastlegeordninga, og helsepersonell i alle ledd må få nok tid til å utøve yrket sitt på ein ordentleg måte.

Ja, det vil koste, men er eigentleg det samla reknestykket større enn dei enorme økonomiske konsekvensane av skadar, traume og død, for både pasientar og pårørande?

Me kan sjølvsagt anerkjenne at nokon gonger har ein berre uflaks, og pappa hadde på mange måtar verkeleg maks uflaks. Men det er òg tydeleg at han først og fremst var eit offer for tidsnaud, kommunikasjonsproblem og ansvarspulverisering.

Mange får den hjelpa dei treng i Helse-Noreg, men altfor mange får det ikkje. For nokre blir møtet med dei som skal hjelpe dessverre fatalt.

Alle aktørane som er omtalte i innlegget, har fått tilbod om å svare. Ingen har nytta seg av tilbodet.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. «Det er ikkje rart unge legar nektar å bli fastlege»

  2. No er det ledige fastlegar i Bergen. Men langt frå nok.

  3. Fikk uhelbredelig kreft mens han var med i kreftstudie. – Jeg føler de har lurt oss.

  4. Mann skal være livstruende skadet etter feilbehandling – Haukeland beklager

BT anbefaler

Over fleire år skal den sjukehustilsette ulovleg ha slått opp i pasientjournalar

Fleire av oppslaga ser ut til å vere gjort på grunn av nysgjerrigheit, ifølgje sjukehuset.

LES SAKEN