Ingen veit kor dei «utsette stadene» er

Dette er dårleg norsk.

UPRESIST: Vêrmeldarane på NRK burde sjå til «gamlekarane» i Sogn, meiner Sigmund Haug. Dei hadde eit godt språk, spesielt når det gjaldt vêr, meiner han. Faksimile: NRKs vêrmelding

Debattinnlegg

Sigmund Haug
Nesttun

Det skal ikkje store vindpusten til før mange av vêrmennene i NRK melder om «kuling utsette stader». Andre derimot tek ikkje denne utsegna i bruk, og bra er det. Me veit ikkje kor desse utsette stadene er. Folk som bur langs kysten veit kor dei vêrharde plassane er når dei får vita kva ætt vinden kjem frå.

Dessutan, dette er dårleg norsk.

Eg hugsar gamlekarane heime i Sogn snakka om at «dar er da vêrhardt, kar». Gamlekarane, det var bønder og fiskarar i beinhardt arbeid i ei tid utan vêrmeldingar. Dei hadde eit godt språk, og inkje minst når det var snakk om vêret.

Henrik Ibsen hadde ein god penn, for å seia det slik. I diktet om Terje Vigen brukar han òg «vêrhard plass». I siste strofa står det: «Ved Fjære kirke jeg så en grav, den lå på en vejrhård plet.»

Vestlandsrevyen har byrja apa etter, og der går det i «kuling utsette stader». Prøv heller med «kuling vêrharde stader». Den siste utsegna fortel om vêret! Utsette stader kan til dømes brukast når det gjeld fare for ras: «Nei, dar på garden har dei alltid vore utsette for snøskred».

Eg kan heller ikkje hugsa at dei eldre snakka om tåke. Fehandlar Jon Fimreite, fødd 1895, låg ute med buskapen sin i fjellet. Han snakka mykje om vêret, sjølvsagt. «Skodda letta», hugsar eg han sa.

Meteorologane som fortel om vêret i NRK, snakkar aldri om skodde. Berre tåke og tåkebankar, om det no er på sjøen eller i fjellet.

Sjå enno ein gong attende til Henrik Ibsen, der han i Terje Vigen skriv: «gennem skodden, som lettet i samme stund, han så en korvet i Hestnæs-sund at duve for bakkede sejl.»

Ibsen skreiv på dansk, men vêrharde plassar og skodde, det fekk han med seg. Og sjølvsagt, han skreiv då om ein norsk los som ofte var ute i hardt vêr.