Det er ikkje berre bergensarar som betalar bompengar i Bergen

GODT FORMÅL: Bompengane har gjort at me har fått mange gode vegløysingar, påpeiker innsendaren. Ørjan Deisz

Debattinnlegg

Brynjulv Hernes
Samnanger

Bompengar kan verta ei viktig valkampsak – på godt og vondt. Men artikkelen i BT 10. juli var ikkje skikkeleg kvalitetssikra.

Artikkelen omtala bommane i og rundt Bergen, og me kunne lesa at «bergenserne» har betalt 173 millionar kroner i bompengar i desse bommane.

Sjølv bur eg i Samnanger. Skal eg ha bilen med til Bergen, må eg og betala bompengar. Det same gjeld alle dei som bur i andre kommunar enn Bergen, dei må og betala når dei skal til Bergen. Me er dermed ganske mange «ikkje-bergensarar» som er med og betalar bompengar i Bergen.

Så bør me alle innrømma at bompengane har gjort at me har fått mange gode vegløysingar som me elles hadde måtta venta lenge på.