Når kjem vinskammen?

Når aviser omtaler vinbønder som «globale superstjerner», blir eg provosert.

Publisert Publisert

REAGERER: Når det tilsynelatande blir mindre av matjord og regnskog, så bør ein kanskje stilla spørsmål ved at vinbøndene breier om seg? skriv Lilly Vinje. Foto: BENOIT TESSIER / REUTERS / NTB SCANPIX (illustrasjonsfoto)

Debattinnlegg

  • Lilly Vinje
    Bergen
  1. Leserne mener

Me kan lesa klimaendringar ut frå tilstanden til vindruer. Ein kan seia det går «down under». Dette profitterer ein del på, blant desse nordmenn.

Forskarar har sett på forholdet mellom vin og klima, nærare bestemt innhaustingsdatoar frå hundrevis av år, og finn dei seinaste åra merkbare endringar. Druene er plukka tidlegare fordi dei har blitt modne tidlegare – det vil seia at temperaturen har stige, ifølge National Geographic.

Også her til lands blir det mildare. Nyheitene presenterte 19 grader i januar som varmerekord. «Rekord» høyrest unekteleg litt positivt ut, kan hende bør media slutta å omtala slikt sånn?

Kva med det meir dystopiske «no er me eit hakk nærare slutten?» Nei, slikt får me overlata til svovelpredikanten Greta Thunberg!

I fjor høyrde eg at tørke hadde ført til oppretting av vingardar på nye plassar, så eg byrja å lesa litt meir om det. Nett som me har det eg kallar «skadefrydturisme», altså at det er populært å sjå klimapåverknader som smeltande isbrear, har me også «vinopportunisme».

Lilly Vinje Foto: Privat

Les også

Som grøn shoppar får eg ikkje noko hjelp gjennom visitbergen.com

Det viser seg at i jakta på eit betre eller nytt produkt, bevegar produsentane seg nordover i nord og sørover i sør.

Meir konkret tek produsentane til i område som ikkje er sørvende, eller kjøper opp land i kjøligare, eller alternativt høgare område. Dette er nokre av måtane dei kompenserer på, ja, ikkje berre det, men satsar og investerer.

I England, Belgia og Skandinavia bruker dei gjerne hybridartar avla for kulde, skriv New York Times.

Overalt opererer vinprodusentar etter logikken avfødt av klimaeendringane. Eg liker ikkje ordet logikk i denne samanhengen. Snarare enn å sjå på slike tendensar som noko innovativt, er det freistande å føreslå at potensielle gründarar skal få pengar for ikkje å byrja. Slik ein har gjort med pelsoppdrettarar som vil ha klingande mynt for å slutta.

Når det tilsynelatande blir mindre av matjord og regnskog, så bør ein kanskje stilla spørsmål ved at vinbøndene breier om seg? Når New York Times i tillegg omtaler sånne som «smarte» og «globale superstjerner», blir eg eigentleg litt provosert. Wine and die.

Les også

Conrad Hansen har brukt 80 millionar på nytt hotell, men aner ikkje når det skal opnast

No trur eg at eg forstår. Dagens Jeppe vil gå full til grava.

Det er jo nesten ikkje tull ein gong, auka varme gir nemleg høgare alkoholprosent på grunn av sukkeret. Skulle vel passa bra til ribbe, det.

Siri Martinsen i NOAH skriv i Dagbladet at ho ikkje vil ha «ribberiddarar» og seier at produksjon av raudt kjøt er det mest klimafiendtlege. Ho meiner det er misforstått eller øydeleggande å tru at norsk jord berre eignar seg til dyrefôr.

Eg tek både ribbe og plantebasert mat framfor vin, spesielt dersom sommelieren byrjar å snakka om røykfull aroma, preg av brent gras, knusktørr og med eit hint av svidd koala.

Les også

Tennfjord: – Det satt langt inne for meg å skrive om kalorier i vin

Krisemaksimerer eg, seier du, er det eg som skal skamma meg? I Australia, der dei har tørke og skogbrann, har institusjonar undersøkt korleis røyk kan påverka druer og vin negativt. Ifølge New York Times jobbar dei mot teknologiske løysingar for å gjere slike vinar brukbare. Ja, Jesus gjenoppstår sikkert ikkje for å gjera vin om til vatn.

I ein leiar i Vinbladet i fjor tok direktøren av Vinmonopolet for seg kva dei betyr for miljøet. Dei får produsert og frakta cirka 60 millionar flasker årleg (og det visste du sjølvsagt, at trafikk forureinar når han ikkje fraktar folk og).

«Vi har som mål å redusere vår klimabelastning med 40 prosent innan 2030, og det er emballasjen som gir vårt største fotavtrykk. [ ...] Jo lettere emballasjen er, jo mer miljøvennlig. Derfor ser vi at plast er effektivt.»

Men ho innrømmer at få plastflasker kan pantast, foreløpig, og legg til at dei «ikkje er for lagring».

Moralen er – bli avhalds og reduser klimabelastninga. For korleis er aromaen av klimagassutslepp og ettersmaken av forureining? Kor dyrkjøpt skal den nye vinen vera?

Same procedure next year, med champagne frå Champagne på nyttårsaftan? Tida vil visa, men eg har nærmast lyst til å drikka eit beger gift allereie.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg